Hopp til innhold

Bergensbanen skal roe ned britiske flypassasjerar

Snart kan britiske flypassasjerar få med seg "Bergensbanen – minutt for minutt". Flyselskapet British Airways skal nemleg sende heile den sju timar lange togturen mellom Oslo og Bergen om bord på sine fly.

Bergensbanen

FLY FOR TOG: Det var i 2009 at NRK sende 'Bergensbanen – minutt for minutt', som skulle bli ein stor sjåarsuksess. No vil britiske British Airways bruke konseptet for å roe ned nervøse flypassasjerar, og viser togturen i sin heilskap om bord i sine fly.

Foto: Rolf-M-Sørensen

Og hensikta med å sende nettopp turen med Bergensbanen, skal ifølgje avisa The Telegraph vere å få passasjerane til å slappe av.

«Denne reisa inne i reisa er inspirert av trenden med sakte-TV, som allereie er populært i Skandinavia for sine avslappande og lite krevjande kvalitetar», skriv avisa vidare.

– Flyturen kjem til å vere over på eit blunk

Flyselskapet, som dermed blir dei første til å ta sakte-TV opp i lufta, er overtydde om at passasjerane vil setje pris på den underhaldningsforma, skriv Bloomberg.

Richard D`Cruze, som er underhaldningsansvarleg for flyselskapet, seier vidare til avisa at dersom turen slår an, vil det snart vanke fleire saktegåande fjernsynsopplevingar for britar på reisefot.

–Det var ein i teamet vårt som las om denne uvanlege dokumentaren som hadde blitt ein kulthit i Noreg. Så spora vi den opp, seier D`Cruze, og viser til NRK-programmet "Bergensbanen – minutt for minutt".

Rune Møklebust, programsjef i NRK Hordaland, hovudsete for NRKs sakte-TV-idear, er overtydd om at dei reisande vil kose seg med tilbodet.

– Så klart vil dei det. Eg kan sitte i timevis og sjå på eit kart, så dette kjem folk til å sjå på. Det er eit passe suggererande bilde. Flyturen kjem til å vere over på eit blunk, meiner Møklebust.

Sakte-TV er seld til fleire land, Hurtigruta vart blant anna vist direkte på ein t-banestasjon i Seoul, men Møklebust seier det er fysaste gong det skal visas sakte-TV frå NRK i lufta.

– Hypnotisk underhaldning

Det var i 2009 at NRK festa eit kamera til Bergensbanen, og viste togturen fram for sjåarane i sin heilskap.

LES ÒG: «Bergensbanen minutt for minutt» ble helgens store snakkis

Opphavleg var programmet ein del av Bergensbanens hundreårsjubileum, men totalt var 1,2 millionar sjåarar innom programmet. Dermed blei eit nytt suksesskonsept fødd.

D`Cruze kjenner seg sikker på at også britiske flypassasjerar vil setje pris på å nyte Bergensbanens utsikt.

– Slow-TV har definitivt ein hypnotisk, roande og underhaldande kvalitet ved seg. Det er perfekt flyunderhaldning.

Få ein smakebit av programmet i videoen under:

Video Hallingskeid i "Bergensbanen minutt for minutt"

Salmebok- minutt for minutt

NRK jobbar vidare med sakte-TV, og i november blir det ei salmesending på totalt 60 timar når alle dei 899 salmane skal slyngas vers for vers.

– Salmane er Norges kulturelle arv, og har vore sunge i generasjonar. Vi håpar kor og songarar frå mange forskjellige stader vil stille opp og vere med når vi om kort tid går ut med invitasjonar om å delta, har kringkastingssjef Thor-Gjermund Eriksen tidlegare sagt.

Les også: Salmeboka skal synges minutt for minutt