Hopp til innhold

Sakna russiske turgåarar er komme til rette

Dei to skal ha lagt ut på tur til Trolltunga med lite kle og utstyr.

trolltunga

SISTE: Dei to russiske turgåarane er funne i god behald.

– Me har nettopp fått beskjed om at dei er komme til rette. Det går greitt med dei, og dei ser ut til å vere i bra form, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Terje Erichsen.

Dei to skal ha overnatta på ei hytte i området. Korleis dei har komme seg inn er enno ikkje kjent.

Leitte etter turgåarar med Sea King

Odda

ODDA: Slik ser det ut i Odda i dag. Det dårlege vêret gjorde at det hasta å finne dei to tynnkledde turgåarane.

Foto: Tale Hauso / NRK

Eit Sea King helikopter blei kalla ut for å leite etter to russiske turgåarar som blei meldt sakna mellom Skjeggedal og Trolltunga.

Redningsaksjonen blei koordinert av politiet i Hordaland. Dei fekk meldinga kvart på åtte i dag tidleg.

– Ein person som jobbar i Skjeggedal hadde vore i kontakt med paret i går formiddag. Dei sa dei skulle til Trolltunga, og han anbefalte dei å ikkje ta turen fordi dei var dårleg kledd og hadde lite utstyr med seg, seier operasjonsleiar Terje Erichsen i Hordaland politidistrikt.

– Då han kom på jobb i dag stod bilen på same stad som i går, og ekteparet er ikkje der. Me har sett i gong leiteaksjon, og HRS og Sea King helikopter er på veg.

– Hastar med å finne dei

Politiet, Røde Kors og Norske Redningshunder gjennomførte søk i området.

Dei to turgåarane skal vere to russarar mellom 30 og 40 år.

– Vêret er ikkje det store. Det er null grader, liten kuling og snøbyer i området no. I dette vêret og med dårlege kle, så hastar det med å finne dei, seier Erichsen.

Klokka 09.50 melder politiet at to personar er observerte på veg nedover.

– Det kan vere dei, men det veit me ikkje, seier Erichsen til NRK.

Laster Twitter-innhold