NRK Meny
Normal

Sakna mann har kome til rette

41-åringen som har vore sakna i Bergen sidan tysdag førre veke, melde seg i god behald til politiet i dag.

– Vi har snakka med han på telefon i dag. Han er i god behald, seier politibetjent Kristin Bysheim til NRK.

Det var Bergens Tidende som først melde om at den sakna 41-åringen no er kome til rette. Mannen har vore sakna sidan tysdag førre veke, og det er blitt gjort fleire søk etter han.

Bilen hans vart funne forlaten i Sædalen laurdag, noko som utløyste ein leiteaksjon med helikopter i Byfjellene i Bergen.

Skal møte politiet

Politiet har ikkje fått meir informasjon om kvar han har vore, men 41-åringen skal møte politiet i dag.

– Vi har gjort avtale om at han kjem inn, slik at vi kan finne ut kva som har skjedd, avsluttar Bysheim.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.