Det var eit redningshelikopter som fann den sakna mannen klokka 13.10 torsdag ettermiddag.
-Utruleg
Han vart funne ved Kvanndalsleitet nord for Gullbrå i Eksingedalen. Då var han tynt kledd og hadde ikkje hue og votta på seg. Lensmannen seier at det er utruleg at mannen har halde seg i live i 72 timar i snøen med det veret som var i området.
Overnatta i snøholer
34-åringen har fortalt til politiet at han grov seg inn i snøholer då veret var som verst på fjellet. I desse snøholene som han hadde greve ut med hender og ski overnatta mannen. Det fortel lensmann på Voss, Kåre Rykke.
Snøscootere og hunder har delteke i leitinga etter 34-åringen. I dag vart det og brukt helikopter i søket.
Sendt til sjukehus
Ingen hadde høyrt noko frå 34-åringen sidan han sende ei tekstmelding om at han måtte overnatte ute, måndag kveld. Mannen som er frå Balestrand vart sendt til sjukehuset på Voss der han no blir liggande nokre dagar.
Forfrosne fingrar og tær
I følgje sjukehuset er 34-åringen lettare skadd, og har forfrysningsskader på fingrar og tær.
Leita i tre døgn
I tre døgn har leiteaksjonen etter mannen vore i gang. To helikopter, 18 snøskuterar, 40 mann og sju hundar har vore med i leitinga som starta tysdag morgon.