Hopp til innhold

Sakna mann funnen på Stord

68-åringen som var meldt sakna på Huglo, ringte sjølv til kona og sa at han var i båthamna på Leirvik.

Då mannen ikkje gav lyd frå seg sidan i går kveld, blei det sett i gong ein stor leiteaksjon i ettermiddag.

Eit Sea King-helikopter var på veg, men snudde då 68-åringen blei funnen i 16-tida.

Også kystvaktfartyet «KV Garsøy» var på veg, og alle ferjer i området var på utkikk etter mannen.

Stor leiteaksjon

- Det var ein stor leiteaksjon, men no er mannen funnen i god behald i gjestehamna på Stord, seier operasjonsleiar Tor Foseid ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

 

Hovudredningssentralen i Sør-Noreg sette i gong leiteaksjonen etter mannen i 15-tida onsdag.

Kona fekk ikkje tak i han

 

Mannen, som er busett i Haugesund, blei sist sett på hytta si tysdag.

- Han hadde lagt mobilen sin frå seg på hytta, og difor fekk ikkje kona tak i han, fortel Foseid.

68-åringen hadde køyrt i båten sin til Stord i natt.