Lokalt politi, Røde kors og ein hundepatrulje frå Bergen har laurdag leita etter ein 26 år gammal mann på Bogøy i Fusa.
Politiet melder klokka 16 at mannen er funnen i god behald.
– Sliten og dehydrert.
– Han fortalte ein kamerat på telefon at han var i skogen, men at han ikkje visste kvar han var, seier Preben Wallestad, operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt.
Politiet fekk meldig klokka 13.06 laurdag føremiddag, og då hadde mannen alt vore sakna i fleire timar.
– Mannen fekk kontakt med politibåten nede ved sjøen. Han verka sliten og dehydrert, seier Wallestad.