Hopp til innhold

Sakna funnen i god behald

Dei to tyske turistane som var sakna ved Trolltunga i Odda, er funnen i god behald. Operasjonsleiar Arve Samsonsen opplyser at dei er berga inn i eit helikopter som no fraktar dei ned til Tyssedal. Turgåarane er kalde, men treng ikkje helsehjelp.