Sakna dame er funne

Den 77 år gamle dama som var sakna er nett funne, opplyser operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt til NRK. Dama forsvann frå ein omsorgsbustad knytt til ein sjukeheim i Rong-området i Øygarden, og blei meldt sakna halv sju søndag kveld. I tillegg til mannskap frå politiet, var Norske Redningshunder, Norsk Folkehjelp og frivillige frå Røde Kors med i søket.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon