Hopp til innhold

Såg 33-åringen kravle opp frå sjøen

Med varmesøkjande kamera såg skipper Jan Tore Brückner 33-åringen kravle opp på land etter båtbrannen på Stord natt til måndag.

Stord

– Han var forbrent, hadde brannskader på hendene, og var svært nedkjølt.

Jan Tore Brückner, skipper på Simrad Færner

Natt til måndag blei ein 33 år gammal mann alvorleg skadd i ei båtulukke utanfor Stord i Hordaland.

Skipper Jan Tore Brückner på redningsskøyta Simrad Færner var på veg til eit anna oppdrag, då skøyta rett før midnatt i går fekk melding om at ein båt stod i full fyr i same område.

– Vitne på ein båt ringde politiet og sa dei hadde sett opne flammar om bord på ein båt like utanfor Stord. Dei visste ikkje om det var folk i sjøen på det tidspunktet, men då me kom fram hadde dei høyrt rop om hjelp, fortel Brückner.

Det var ingenting å gjere med båten som var overtent, og dei tre om bord på Simrad Færner sette i gong eit søk for å leite etter folk i vatnet.

Svømte sjølv til land

Jan Tore Brückner

SÅG MANNEN SVØMME I LAND: – Han har nok vore i rimeleg god form, seier skipper på Simrad Færner, Jan Tore Brückner.

Foto: Privat

Redningsskøyta starta søket nordover mot Stord sidan vinden gjekk i den retninga.

– Med varmesøkjande kamera fann me han på fyrste forsøk. Plutseleg såg me ein mann kravla opp frå sjøen og opp på land. Han hadde då svømt i land sjølv, fortel Brükner.

– Han var forbrent, hadde brannskadar på hendene, og var svært nedkjølt etter å ha vore i vatnet ei god stund.

– Han har hatt flaks

Redningsmannskapet fekk mannen om bord på båten, tok av han kleda og byrja å varme han. At 33-åringen har klart å komme seg på land sjølv er godt gjort, seier Brückner.

– Det var eit godt stykke å svømme, så han har nok vore i rimeleg god form. Han har hatt flaks der, legg skipperen til.

Mannen blei sendt i ambulanse frå Leirvik på Stord til Haukeland sjukehus. Klokka 09.50 i dag melde Haukeland om at 33-åringen framleis er alvorleg skadd.

Lensmannskontoret på Stord skal etterforske hendinga. Førebels kan dei ikkje seie noko om årsaka til brannen.