Hopp til innhold

Nabolaget fekk brått mykje makt i det nye storfylket

RADØY (NRK): Den vesle grenda har berre rundt 40 innbyggjarar. No har tre gamle naboar blitt folkevalde i nye Vestland fylke.

Fylkespolitikarar frå Sæbø på Radøy. Kristina Vaktskjold Hamre, Jon Askeland (dress), Karl Vågstøl.

BYGDETRIO: Fylkespolitikarar frå Sæbø på Radøy samla på eitt brett. Frå v. Karl Vågstøl (H), Kristina Vaktskjold Hamre (KrF) og Jon Askeland (Sp).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Plutseleg blei eg ein del av fylkestinget. Dette er heilt noko nytt!

Kristina Vaktskjold Hamre tar imot NRK heime på Sæbø i Radøy kommune. KrF-politikaren er heilt fersk som folkevald i Vestland fylke.

Snart er kommunen ein del av storkommunen Alver og storfylket Vestland. Vesle Sæbø er ei spesiell bygd på fleire vis:

  • På Sæbø røysta 507 personar i årets fylkestingsval.
  • Ei av grendene her har berre rundt 40 fastbuande.
  • Tre herfrå er no blitt folkevalde i nye Vestland fylke.
sb02

NY PÅ TINGET: – Maktkonsentrasjonen er ikkje eit problem. Me er frå tre forskjellige parti, seier Kristina Vaktskjold Hamre (KrF).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Heimbygda til sjefen

– Det er truleg tilfeldig det er blitt slik, men eg er ikkje sikker, seier fylkespolitikar Karl Vågstøl (H).

Garden der han vaks opp ligg 100 meter bortanfor huset til Hamre.

Snart kjem òg nyvald fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i dress og lakksko bortover gardsvegen. Han vaks opp på ein annan nabogard.

Totalt er det 65 fylkestingspolitikarar som skal bestemme for 525.000 innbyggjarane i Vestland fylke.

Truleg er ingen norske veljarar betre representert enn dei som bur her.

– Kva er det med Sæbø?

– Me er oppvaksne i ei fantastisk bygd med i eit engasjert miljø. Mange her er med i ulike lag og organisasjonar. Folk skjøna verdien av å dra lasset saman og aksepterte ulike syn, seier Askeland.

Sæbø, Radøy

Skeiv maktfordeling

Maktkonsentrasjonen er unik på Sæbø. Andre har ikkje på langt nær same representasjon. Halvparten av kommunane i Vestland har ingen fylkestingsrepresentant.

– 21 av 43 kommunar er ikkje representert, fortel førsteamanuensis Yngve Flo ved Universitetet i Bergen.

Sjølv om det ikkje finst ein tilsvarande nasjonal oversikt, trur ikkje han det er betre andre stadar i landet.

Frå 1. januar 2020 har Noreg 356 kommunar og 633 fylkestingsrepresentantar inkludert Oslo. I snitt kunne kvar kommune altså i teorien hatt 1,8 fylkestingsrepresentant.

– Men historisk er dette utypisk. Før ein innførte direkteval av fylkespolitikarar i 1975 var fylkestinget ei forsamling av ordførarar. Så då var alle kommunar i prinsippet representert.

Jon Askeland (Sp) på garden der han vaks opp.

GROBOTN FOR MAKT: Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) på garden der han vaks opp, like ved der to andre fylkespolitikarar kjem frå.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Før var alle representerte

I 24 år hadde Noreg så ei overgangsordning som langt på veg sikra at alle kommunar likevel var representert. I 1999 vart den skrota.

I perioden 1975–1999 avvikla Noreg altså ordningar som sikra alle kommunar representasjon i fylkestinget.

– Er det eit demokratisk problem?

– Nokon meiner det er greitt, fordi ordninga skal sikra at politikarane tenker på heile fylket. Men i praktisk politikk kan det vera viktig å ha ei stemme inn. Mykje av politikken i fylket handlar om geografi, som tenestetilbod eller traséval. Og når til dømes ein stor kommune som Bømlo ikkje har ein einaste representant i fylkestinget, trur eg nokre der kan sjå på det som eit problem, seier Flo.

Les fleire saker:

Karl Vågstøl (H) ved garden der han vaks opp.

NABOAR: Karl Vågstøl (H) vaks opp på garden 100 meter frå KrF-kollega.

Foto: Leif Rune Løland / NRK