NRK Meny
Normal

Må betala bompengar her likevel

Regjeringa ville fjerne bompengeavgifta på ferjestrekninga på E39. Forslaget fekk ikkje fleirtal i transport- og kommunikasjonskomiteen.

Halhjem sandvikvåg bompenger ferge

TO ÅR TIL: Transport- og kommunikasjonskomiteen støttar ikkje forslaget om å fjerna bompengane på Halhjem-Sandvikvåg frå nyttår av.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det er Midtsiden.no som melder om komiteen si innstilling tysdag. På ferjestrekninga Halhjem–Sandvikvåg på E39 i Hordaland må bilistane betala bompengar for ein fylkesveg som ligg vest for E39 på Stord.

Regjeringa sa for to veker sidan nei til dette, og foreslo å fjerne bompengeavgifta frå nyttår av. Men forslaget får altså ikkje fleirtal i transport- og kommunikasjonskomiteen som leverte si innstilling i saka i dag.

Det er KrF og Venstre, saman med dei raudgrøne, som set foten ned og gir fleirtal for vidare bompengeinnkrevjing i to år til.

– Beklageleg

Striden handlar om fylkesveg 545 i Fitjar, på vestsida av Stord. I mange år har bilistane på den trafikkerte ferjestrekninga betalt bompengar som ein del av ferjebilletten.

I mange år gjekk pengane til E39, men dei siste åra er den sett av til utbetring av fylkesvegen. Statistikk syner at kring 15 prosent av bilane på ferja nyttar fv. 545.

Leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen, Helge André Njåstad (Frp), seier til Midtsiden.no at han er skuffa over innstillinga som kom i dag.

– Det er beklageleg at KrF og Venstre påfører dei reisande dyrare billettar for å betala for ein veg dei ikkje brukar.

– Viktig omkøyringsveg

Saka skal opp i Stortinget men etter alle solemerker må bilistar belaga seg på å betala ekstra på ferjebilletten i to år til framover. Personbilar må halda fram å betala 27 kroner i bompengar, medan lastebilane framleis må ut med 127 kroner.

Statens vegvesen har tidlegare uttala at fylkesveg 545 er viktig når E39 er stengt.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.