NRK Meny
Normal

Så mykje vil det koste for Askøy-bilistar

Bilar utan AutoPASS må betale 22,50 kroner per passering gjennom bomstasjonane sør på Askøy. Bevegelseshemma bilførarar får fritak for bompengar.

Stongafjellstunnelen

HER BLIR DET BOMPENGAR: Her ved Stongafjellstunnelen kjem ein av fire bomstasjonar. Pris per passering blir på 22,50 kroner.

Foto: Geir Brekke / Statens vegvesen

Med Askøypakken skal vegnettet i heile øykommunen Askøy gå gjennom ei storstilt opprusting. Store deler av kommunen har vegar med berre eit felt og låg standard, men no skal seks ulike strekningar pussast opp for 1,33 milliardar kroner.

BAKGRUNN: Her må du betale bompenger i 14 år

Veg på Askøy

BYGGAST OM: Mange viktige vegar på Askøy har i dag eit felt og låg standard. På fylkesveg 563 mellom Hop og Strømsnes skal tre smale bruer bli erstatte av ny veg.

Foto: Geir Brekke / Statens vegvesen

Over 85 prosent av vegbygginga, 1120 millionar kroner, skal betalast med bompengar. 15 prosent av kostnadane skal betalast av det offentlege.

Prisen på bompengar er no vedtatt. Så mykje må du betale per passering:

  • 22, 50,- for bilar utan AutoPASS.
  • 18,- for bilarm ved teikning av avtale med 20 prosent rabatt på Askøypakken.
  • Bilistar som har avtalar andre plassar, for eksempel i bompengeringen i Bergen må betale 20,25 kroner.
  • Tyngre køyretøy må betale 36,- med avtale, og 45,- utan brikke.

Passerer du bomstasjonar meir enn 30 gonger i månaden, er det gratis frå den 31. passeringa. Elles gjelder timesregelen, som betyr at du ikkje blir belasta med meir enn ein passering i timen.

Bevegelseshemma får fritak

Ny bomstasjon på Askøy

BOMPENGAR FRÅ 1. NOVEMBER: Her blir det bompengebetaling frå fyrste november. Prosjektleiar for Askøypakken, Ole Henning Davik (til høgre)

Foto: Geir Brekke / Statens vegvesen

Bevegelseshemma bilførarar får fritak for bompengar på Askøy, melder Statens vegvesen.

Dei nye bomstasjonane kjem på desse fire stadane:

Fv 563, rampe frå Kleppestø inn mot Askøybroen.
Fv. 563, Florvågvegen, innkrevjing mot vest.
Fv. 562, nord for Stongafjellstunnelen (innkrevjing mot sør)
Fv. 562, nord for kryss ved Kleppevegen (innkrevjing mot sør)

Arbeidet med å montere bomstasjonane er no i gong, og vil gå føre seg fram til innkrevjinga byrjar 1. november. Arbeidet skal ikkje hindre trafikken.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.