Hopp til innhold

Trond kan gje deg store bøter for boss-slurv

Feil sortering av avfall skadar både menneske og dyr. Slurvar du med sorteringa, kan det gjere deg fleire tusenlappar fattigare.

Trond Leganger

Trond Leganger, regionsjef for Miljø og gjenvinningsbedrifta Ragn Sell, er uroa over at så mange menneske kastar farleg avfall i vanleg restavfall.

Foto: Kine Evensen / NRK

Sjølv om mange har blitt betre på å kildesortera, er det ein del som framleis har farlege avfallsvanar.

Det blir kasta gipsplater, sprayboksar, batteria, lysstoffrøyr og mykje anna saman med vanleg restavfall.

Det uroa Trond Leganger, som er regionsjef for Miljø og gjenvinningsbedrifta Ragn Sells.

Verksemda har den same policyen over heile landet: Bossyndarar skal få svi på pungen dersom dei blir tatt i slurv med sorteringa.

– Sjølv om vi har sett opp skilt som fortel kva som kan, og kva som ikkje kan kastas i containerane blir dei likevel fylt opp med farleg avfall. Det kan vera skadeleg for menneske, og for miljøet.

Kan bli dyrt

søppelplass

DYRT: Kastar du bosset på feil plass, kan det bli svært dyrt.

Foto: Kine Evensen / NRK

Det ikkje alle veit, er at gjenvinningsbedrifta kan pålegge eit avviksgebyr på 979 kroner til den som har feilsortert.

I tillegg til det, må den ansvarlege betala for produksjonskostnadane bedrifta må ut med når dei sjølv må finsortera avfallet.

– Når vi må avbryta produksjonen fordi nokon har kasta feil, vil det gi oss storeutgiftar som vi må dekka, fortel Leganger.

Farleg avfall er dyrt å behandla, så gebyra kan variera frå eit par tusen kroner og opp til det tidobbelte.

Mange av Ragn Sells kundar er profesjonelle bedrifta som ofte handtera og kastar ein stor mengde farleg avfall.

Men dei har og private kundar som leiger inn containerar til større reingjeringar. Som for eksempel til vårreingjeringa.

Leganger fortel at det vil bli ein auking av feilsortert avfall i tida framover. Men han påpeiker at dei er førebudd.

Utviklinga har betra seg

Lysstoffrøyr er noko av det som oftast blir feilsortert hos Ragn Sells miljø og gjennvingsanlegg i Bergen.

– Dei kan vera veldig farleg når dei knusast. Kvikksølv lek ut av dei, og det kan påverka både menneske og miljøet. Og dessverre er det mange som kasta dei saman med vanleg restavfall, fortel Leganger.

Sjølv om dei oppleve mykje feilsortering har dei og merka at folk er meir bevisste på kva dei kasta.

– Dette er musikk, og slik skal det vera, fortel Trond i begeistring i det han peikar på eit oljefat kvar nokon har sortert og levert lysstoffrøyra på riktig måte.

Pengane er ikkje det som er viktigast

Gjennvinningsbedrifta har det siste året intensivert mottakskontrollane hos dei 17 anlegga sine i landet. Og dei delte ut 1600 avviksgebyr til profesjonelle og private kundar for feilsortering i fjor.

– Det blir store kostnadar for oss når vi må avbryta produksjonen og ta ut menn til å finsortera avfallet, fortel Regionsjef Trond Leganger.

Men han påpeike at hovudgrunna til at dei gjer det, er først og fremst ikkje for å dra inn pengar. Men for å bevisstgjera folk på at det er viktig å sortera riktig

– Vi må dekka kostnadane. Men sanksjonsbiten er for å få folk til å ta miljøet på alvor, avsluttar han.