Hopp til innhold

Så mykje ekstra får kommunane

Ei rekkje kommunar i Hordaland får over ein million kroner i friske midlar i revidert nasjonalbudsjett.

Os sentrum sør for Bergen i Hordaland

MEIR Å RUTTA MED: Os kommune er ein av kommunane i Hordaland som får mest i kompensasjon for svikt i skatteinntektene. Fleire kommunar får både tre og fire millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett i dag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Mange kommunar skrik etter meir pengar på grunn av skattesvikt. Fleire har varsla at dei slit med å levere velferdstenester til innbyggjarane fordi skatteinntektene har vore lågare enn venta.

I går kunne finansminister Siv Jensen røpa til NRK at regjeringa vil kompensera for dei tapte inntektene når dei legg fram revidert nasjonalbudsjett klokka 11.00 i dag.

– Regjeringa foreslår å styrke kommunane sin økonomi med 1,1 milliard kroner. Det er viktig for å halde oppe de gode tenestetilboda i kommunane.

Millionar til Hordalandskommunar

Den ekstra pengepotten kjem alle kommunane i Hordaland til gode.

Sjå heile oversikta i tabellen under.

Nøgd Os-ordførar

– Det er gledeleg at Høgre-Frp-regjeringa lyttar til sine lokalpolitikarar. Alle kommunane i Hordaland vil få eit auka tilskot frå regjeringa, seier Os-ordførar Terje Søviknes.

– Eg trur ikkje nokon blir skuffa, alle vil oppleva at dei her får kompensert skattesvikten i kommunane så langt i år.

Friske midlar til nye Sotrasambandet

Sotrabrua

MILLIONAR: Planlegginga av det nye Sotrasambandet får 90 millionar kroner ekstra.

Foto: Anne-Cathrine Nyberg

Frå før er det kjent at planlegginga av nye Sotrasambandet får 90 millionar kroner ekstra i dag.

I tillegg får Hordaland fylkeskommune 19 millionar kroner ekstra i frie inntekter i 2015.

Politisk kommentator Lars Nehru Sand om det reviderte statsbudsjettet.

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, seier regjeringa si ekstrabevilgning til kommunane er det største enkeltgrepet i revidert nasjonalbudsjett.