Hopp til innhold

Så langt kan du måtte køyre for å komme til tannlegen

Frå heile Hordaland kjem protestar mot planlagt nedlegging av tannlegekontor. Fleire bygder risikerer å miste tannlegetilbodet.

Tannlegeundersøkelse

VIL LEGGE NED 17 KONTOR: Hordaland fylkeskommune foreslår å sentralisere tannhelsetenesta i fylket. Det vekker sterke protestar frå fleire hald.

Foto: colourbox.com

Mange kjem til å miste tannlegen sin, dersom Hordaland fylkeskommune får gjennom sitt forslag til ny klinikkstruktur for tannhelse.

Ulvik, Masfjorden og Fedje er blant stadene der folk no risikerer å bruka fleire timar på eit tannlegebesøk. Reiserekninga må folk ta sjølve.

  • Sjå det som kan bli di nye reisetid nedst i saka
Leiv Vambheim

– BLIR DYRT: Dersom forslaget frå fylket går gjennom vil mange bruke timar og halve dagar på å komme seg til tannlegen, seier Leiv Vambheim i Hardangerrådet.

Foto: privat

I forslaget er sytten kontor nedlagde, noko Leiv Vambheim, dagleg leiar i Hardangerrådet, mislikar sterkt. Han er redd folk som for eksempel bur i Ulvik vil bruke inntil tre timar på ein tur til og frå tannlegen på Voss.

– Mange må ha følgje, og det betyr at det kan gå timar og halve dagar i reisetid. Ikkje minst betyr det at dei eldre også må byrje å reise, eventuelt med følgje og taxi. I det heile tatt, ein heilt anna kostnad.

LES OGSÅ: Ønsker søkelys på tannlegebransjen

Sterke protestar mot forslaget

Denne veka gjekk høyringsfristen ut for å meina noko om framtidas tannhelsetilbod i Hordaland: kvar og korleis tannlegekontora skal vere.

Hardangerrådet er langt frå dei einaste som har protestert. Over heile fylket har kommunestyre, bygdelag, næringsliv og talspersonar for eldre frykta lenger og kostbar reisetid.

Fylkestannlege Arne Åsan garanterer at alle innspel skal bli lytta til før politikarane til neste år vedtek den endelege planen.

– Me skal behandle innspela grundig. Dei vil bli eit grunnlag for den vidare politiske sakshandsaminga, lovar han.

Krev at tannlegane tek reisetida

Men i Hardanger er Vambheim i Hardangerrådet sitt krav til politikarane klårt: Tannlegane på regionssenter som Odda, Kvam, Voss og Knarvik heller bør reisa til småstadene for å ta seg av pasientane der dei er dersom dei små tannlegekontora skal vekk.

– Dette er ei teneste som alle innbyggjarane i landet har like stor rett på. Det betyr at dei tannlegane som jobbar på sentralklinikkane, må ha arbeidsdagar ute på bygdene, slik at det er dei som reiser og ikkje pasientane, seier Vambheim.

LES OGSÅ: Offentlige tannleger er ikke de rimeligste

Så langt må du køyre dersom forslaget frå Hordaland fylkeskommune blir vedtatt:

Konsekvensar for pasientane

Reiseveg

Avstand

Reisetid

Lofthus - Odda

33 km

35 min

Kinsarvik - Odda

41 km

45 min

Kinsarvik - Voss

52 km

50 min

Granvin - Voss

28 km

28 min

Ulvik - Voss

53 km

60 min

Dale - Voss

45 km

40 min, tog: 30 min

Stanghelle - Voss

51 km

45 min, tog: 40 min

Stanghelle - Arna

31 km

27 min, tog: 30 min

Vaksdal - Arna

23 km

22 min, tog: 20 min

Eidfjord - Voss

52 km

50 min

Masfjorden - Knarvik

51 km

50 min

Modalen - Knarvik

54 km

50 min

Manger - Knarvik

23 km

30 min

Austrheim - Knarvik

42 km

40 min

Fedje - Lindås

39 km + ferje

74 min med ferje

Fedje - Knarvik

52 km + ferje

94 min med ferje

Fonnes - Lindås - Knarvik

40 km

40 min

Rossland - Frekhaug - Knarvik

19 km

23 min

Midtbygda - Hestehaugen

1 km

3 min

Tysse - Eikelandsosen

25 km

25 min

Tysse - Arna

25 km

23 min

Os - Lagunen

22 km

28 min

Våge - Os

19 km

50 min med ferje

Reksteren- Os

85 min

Reksteren - Leirvik

71 min

Langevåg - Svortland

32 km

40 min

Langevåg - Sveio

16 km

50 min med ferje

Rosendal - Husnes

29 km

30 min

Ænes - Husnes

45 km

50 min

Ænes - Odda

30 km

33 min

Skånevik - Husnes

25 km

7 min med ferje

Etne - Sveio

58 km

55 min

Etne - Ølen

16 km

16 min

Ekspander/minimer faktaboks