Hopp til innhold

Han veit aldri når han kjem heim

Fram til år 2030 vil dagpendling i Hordaland auke med 40 prosent. Familiemannen Ola Jøsendal seier han kan rekna med å dagleg bruke fire timar på heimvegen på grunn av bilkø.

Min Vei

#NRKminvei: Seksbornsfaren Ola Jøsdal brukar ofte store delar av dagen i bilkø. Den tida skulle han gjerne heller brukt på familien.

– Kvar dag spør eg meg om kor mykje tid eg skal bruke i kø. Sidan eg er pendlar er det alltid eit sjansespel. Somme dagar klaffar det, men veldig ofte sit eg store delar av dagen i kø, seier seksbornfaren.

På nettsidene til NRK Hordaland, i radiosendingane og på Vestlandsrevyen skal vi fortelje korleis folk har det i kvardagen når dei er på veg til eller frå skule, arbeid eller fritidsaktivitetar.

Sit i kø store delar av dagen

Ola Jøsendal

OLA JØSENDAL: På plass i Bergen sentrum etter ein og ein halvtime pendling for å kome seg på jobb.

Foto: NRK

Kvar dag kokka 07.00 køyrer familiemannen til frå Alversund i Nordhordland til Knarvik før han set seg på bussen til Bergen sentrum. Han pendlar til Strandkaien der han arbeidar som avdelingsdirektør for rusmedisin i Helse Bergen. Den tyren tek vanlegvis ein og ein halv time.

Klokka 15.30 byrjar ettermiddagsrushet i Bergen. Utan kø tek turen frå sentrum og heim til Alversund i Nordhordland 35 minuttar for Jøsendaldal. Men ofte tek det mykje lenger tid på grunn av bilkø.

– Eg må jo innrømme at eg er lei av å sitje så lenge i kø. Det er mykje ein heller skulle ha gjort. Det går jo ut over familietida vår, seier Jøsendal.

40 prosent fleire dagpendlar

Det er 100 000 som pendlar inn og ut rundt omkring i Hordaland kvar dag, fortel Lasse Kolbjørn Anke Hansen, rådgjevar i Hordaland fylkeskommunen.

Fram til år 2030 vil det vere ei auke på 40 prosent fleire pendlarar i Hordaland.

– Det er om lag 20 millionar årlege reiser for dagpendlarar i Hordaland. I tillegg kjem dei som pendlar innanfor kommunane, seier Anke Hansen.

Og Anke Hansen seier løysinga er enkel. For at køane skal bli mindre må færre dagpendle og bruka kollektivtrafikk.

Kan bruke fire timar på vegen heim

Den normale rushtrafikken kan Jøsendal planlegge rundt, men nesten 400 gonger i året stansar trafikken på grunn av trafikkuhell.

– Ofte tar det mellom to og fire timar å kome seg heim. Det er veldig keisamt, eg skulle jo gjerne spist kvelds med borna, seier Jøsendal.

Klikk på det interaktive kartet for å sjå kvardagslivet på vegane i Hordaland

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «NRKMINVEI Hordaland» i nytt vindu