Så enkelt fiksa Camilla mobilskjermen sjølv

BERGEN (NRK): På 20 år har mengda avfall vi kastar auka med over 50 prosent. – Folk må bli flinkare og det må bli lettare å reparere ting sjølv, meiner folka bak Klimafestivalen.

Camilla Haug

NØGD: Etter nesten to timar med arbeid sit Camilla Haug att med ein heil ny, fungerande skjerm på telefonen.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Eg tenkte det kunne vera nyttig å få læra korleis ein byter skjerm på telefonen, sidan det er noko som trengst ganske ofte, seier Camilla Haug.

Ho er ein av deltakarane på den store Klimafestivalen §112, som går føre seg over heile landet.

I lokala til Kirkens Bymisjon i Bergen lærer folk å reparere, operere, bandasjere alt frå tekstilar til telefonar.

– Det er ein kunnskap mange har gløymt. Før var det meir vanleg å fikse ting, medan ein i dag berre kjøper noko nytt. Med klimaendringane er det viktig å vere medvitne på kva me forbrukar. Me må greie å fikse tinga våre sjølve, seier Haug.

Djup konsentrasjon når ein skal fiksa eigen telefonskjerm

KONSENTRERT: Peter Skaugvold instruerer Camilla Haug i korleis ho skal skifte skjerm på den knuste telefonen.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Høgt forbruk

Frå 1995 har avfallsmengdene i Noreg auka med 56 prosent. I 2016 kasta private hushald til saman 2444 tonn avfall.

Ifølge rapporten «Klesforbruk i Norge» har nordmenn kleda sine i gjennomsnittleg 5,4 år. Kvart femte plagg blir aldri brukt. Varekonsumindeksen til Statistisk sentralbyrå syner at forbruket har auka jamt og trutt sidan tusenårsskiftet.

Under Klimafestivalen blir det gjennomført ei rekke slike reparasjonsverkstadar.

Silje Østerberg i Naturvernforbundet Hordaland trur at mangel på kunnskap kan vera litt av grunnen til at folk heller kastar og kjøper nytt, framfor å reparere.

– Målet med desse kveldane er at folk skal få oppleve gleda ved å få reparert noko sjølv, lære litt til neste gong og setje pris på repareringsarbeidet som andre gjer.

Etter to timar kan Camilla Haug dra frå verkstaden, blid og nøgd, med ein blank telefonskjerm i lomma.

– Det var lettare å fiksa telefonen sjølv enn eg trudde, seier ho.

Silje Østerbø fiksar buksa si

SYHJELP: Silje Østerbø har hòl i buksa og får hjelp av Solvor Holan til å sy og styrke saumane.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Bør bli lettare å reparere

I Noreg har me returordningar som blir brukt av dei fleste, men klima- og miljøorganisasjonar har likevel kritisert bruk og kast-tankegangen som ser ut til å ha råda i mange år.

Men, det ser ut som trenden er i ferd med å snu, ifølgje Harald Throne-Holst, forskar ved forbruksforskingsinstituttet Sifo.

– Eg trur særleg avfallssorteringa gjer at me blir meir medvitne på kor mykje me faktisk kastar, både av mat og plast til dømes, seier han.

Merksemda rundt klima- og miljøspørsmål har gjort at fleire ynskjer å kjøpe mindre. Butikkar kan bli flinkare til å gjere reparering tilgjengeleg, synest forskaren.

– Me leverer bilen til jamleg service, kanskje burde me også gjere det med andre varer som til dømes kvitevarer? Men då må tilbodet vera der.