Rykte ut til blodpøl i Os

Politiet fekk rundt klokka halv åtte melding om ein blodpøl ved inngangen til rådhuset i Os. To timar seinare fann dei ein skadd mann på ei adresse i nærleiken. – Mannen er ikkje i stand til å gjere greie for seg, og vi forsøker å nøste opp i kva som har skjedd, og om dette har samanheng med blodet utanfor rådhuset, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.