Hopp til innhold

Rykkjer ut til brann i Os

Politiet rykkjer ut etter melding om brann i Os. Etter kort tid var brannen meldt sløkt.

Klokka 15.25 melder politiet på twitter at dei rykkjer ut med innsatsleiar og to patruljar til Søvikneset på Os etter melding om brann.

– Brannvesenet rykte ut etter melding om røykutvikling i ein einebustad. Mannskapa er nettopp komne fram til satden, seier vaktkommandør, Ole Jakob Hartviksen i brannvesenet.

Det var bebuarane sjølve som melde frå. Alle har kome seg ut av huset.

Klokka 15.45 melder brannvesenet at brannen er sløkt.