Hopp til innhold

Rykka ut etter melding om brann i einebustad

Det skal ikkje ha vore folk i huset då ulmebrannen starta.

Lurevegen, Seim

Brannvesenet fekk melding om røykutviklinga klokka 16.09.

– Me har fått melding om røykutvikling frå eit hus, og at vindauga der skal vere varme, seier vaktkommandør Rune Hovlandsdal i brannvesenet.

Det var tilfeldig forbipasserande som melde frå om røykutviklinga i einebustaden i Lurevegen på Seim. Dei skal ha ringt på døra, utan å få svar.

– Me har fått opplysingar om at ingen skal vere i huset frå truverdige kjelder, men brannvesenet har enno ikkje fått gått gjennom huset, seier operasjonsleiar Erik Hole i Hordaland politidistrikt.

– Kjem mykje røyk frå huset

Klokka 17.10 opplyser politiet om at dei har hatt kontakt med alle personane som bur i huset, og ingen er funne inne etter at brannvesenet har søkt gjennom einebustaden.

Det skal vere snakk om ein ulmebrann, seier Hole.

– Alt tyder på at det er ein ulmebrann. Men det er veldig varmt der og det kjem mykje røyk frå huset.

Årsaka til brannen er enno ikkje kjent.

Laster Twitter-innhold