NRK Meny
Normal

Gjestane nekta å betale, politiet måtte rykke ut

Fem politibilar måtte rykke ut til Olav Kyrres gate i Bergen sentrum etter at ti personar nekta å betale for seg.

Like før klokka 21.00 måtte politiet rykke ut til ein kinesisk restaurant i Olav Kyrres gate i Bergen sentrum, etter meldingar slagsmål inne på restauranten.

– Det var ganske kaotisk ei periode. Det var tydeleg ei særs amper stemning, seier Kjersti Eidsnes i Hordaland politidistrikt til NRK.

Bakgrunnen for bråket skal ha vore at fleire av gjestane nekta å betale for maten.

– Det var ein kokk i døra som stoppa dei i døra på veg ut.

– Politiet har fått kontroll på situasjonen. Éin person er tatt med til politistasjonen og må betale ei bot, seier Eidsnes.


Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik