Hopp til innhold

– Flammane stod ut av vindauga

Flammar og røyk stod ut av vindauga når brannvesenet rykka ut til melding om brann i ei kjellarleilegheit i Sandalsbotnen i Bergen. Dei fekk raskt sløkt brannen.

Boligbrann i Bergen

AVKLART: Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen i kjellarleilegheita i dette huset i Sandalsbotnen i Bergen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Ingen skal ha blitt skadd i brannen, og ingen er meldt sakna, opplyser politiet.

Klokka 10.30 fekk politi og brannvesen melding om at det brann i ei kjellarleilegheit i ein einebustad i Sandalsbotnen mellom Nesttun og Midtun i Bergen.

Laster Twitter-innhold

Brannvesenet kom fram til staden rundt 09.30, og blei møtt av flammar og røyk som velta ut av vindauga.

– Det var brann i halve kjellaren, men me fekk kontroll på flammane. Leilegheitene i dei andre etasjane vart ikkje råka, seier vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen.

Situasjonen skal no vera avklart, og alle som bur i huset er gjort reie for.

Brann Nesttun

Politi og brannvesen rykka ut til Sandalsbotnen etter melding om brann i ei leilegheit like før klokka 09.30 onsdag formiddag.

Foto: KJELL JØRAN HANSEN / NRK