Hopp til innhold

Rykka ut til brann i industribygg

Brannvesenet rykka måndag morgon ut til ein brann på pakkeriet på Bjølvefossen i Ålvik. Brannen vart rask sløkt.

Brannvesenet melde klokka 10.05 at det var ein liten brann, og at det hadde kontroll på staden.

– Brannen er no sløkt. Me held på å lufta ut, men kan ikkje seia noko om skadeomfanget, sa Rikstad.

Brannen starta i silo

Det var glød frå ein vinkelslipar som gjorde at brannen starta, fortel verkssjef Bjørge Hauge.

– Glør frå slipinga spruta opp i ein silo med metallrestar, der det tok fyr, seier Hauge.

Elkem Bjølvefossen hadde eigen brannvakt som varsla om brannen, og i tillegg er det lokale brannvesenet tilknytt fabrikken.

– Det er våre eigne mannskap som rykkjer ut. Dei var på plass etter få minutt, og brannen fekk ikkje utvikla seg noko særleg. Dei fekk raskt kontroll.

Laster Twitter-innhold