NRK Meny

Rykka ut etter melding om skadeverk

Politiet rykka onsdag kveld ut etter melding om at to ungdommar reiv ned informasjonsplakatar på Strandkaien i Bergen. – Innringar oppfatta det som skadeverk, men då vi kom fram viste det seg at det var reklamefolk som skifta ut plakatar. Dei var tydelegvis sivilt kledd, men alt var ok, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Laster Twitter-innhold