Hopp til innhold

Russisk handelsboikott gir dyrare ved

Importnekt av norske varer gjer at veden aukar i pris. – No ligg prisen ti kroner meir for sekken enn i fjor, og det kan fort bli dyrare, seier Carlson i Carlson Brensel.

Peis

VEDPRISANE GÅR OPP: Russisk handelsboikott gjer at vedprisane kjem til å gå opp i vinter.

Foto: Maria Elsness / NRK

ved

DYRARE VED: Transportproblem på grunn av handelsboikott gjer at Steinar Carlson i Carlson Brensel manglar fleire trailerlass med ved.

Foto: Anders Ekanger / NRK

– Eg manglar to trailerlass med ved og eg anar ikkje kor tid dei kjem. Det er problem med vegtransporten på grunn av fiskeboikotten frå Russland, seier Steinar Carlson i Carlson Brensel.

Frå midten av august innførte Russland full stopp i import av kjøt, frukt, grønsaker, kylling, fisk, ost og mjølk frå Norge.

Det betyr at lastebilane som kjem med ved frå til dømes Estland, må køyra tomhendte tilbake. Og det er det forbrukarane som må betala for.

– Vil gå utover kunden

Ein ringerunde til vedutsal i Bergensområdet stadfester alle at prisane kjem til å gå opp i vinter. Og det er handelsboikotten som er grunnen.

Anders Aasen er dagleg leiar i Xenex, som importerer ved til store kjeder som Coop og Plantasjen. Han meiner bransjen går ei tøff tid i møte.

– No vil det bli ei utfordring i å i det heile tatt få tak i bilar frå Russland. Visst dei først får tak i lastebilar, må dei betale tur retur, seier Aasen.

Det vil sei at transporten per sekk blir dyrare.

– På sikt vil alltid sluttforbrukaren måtte betale prisen for auka pris på vara, seier Aasen.

– Folk må vere tidleg ute

Aasen meiner det folk kan gjere er å vere tidleg ute å kjøpe ved, fordi det kan vere mindre ved stabla i hyllene i år enn tidlegare.

– Dersom det blir ein kald vinter kan det fort bli lite ved å få tak i. Derfor burde nok folk vere litt tidleg ute i år, meiner Aasen.

– No ligg prisen ti kroner meir for sekken enn i fjor. Det kan fort bli dyrare, seier Carlson.