Etter eitt år med narkokriminalitet utanfor soverommet fekk naboen nok

BERGEN SENTRUM (NRK): Kraftig vekst i det openlyse rusmiljøet, fire år etter at Nygårdsparken stengde. – Eg har sett det meste, seier «Elena».

SPRØYTER: Ein mann får hjelp til å sette ei sprøyte i armen. Samstundes set ein tredje person ei sprøyte på ein person som ligg på bakken.

– Eg kan fortelja deg kven som sel, kven som kjøper og kven som distribuerer stoffet, seier «Elena», som lenge var næraste nabo til det opne rusmiljøet i Vågsbunnen, midt i Bergen sentrum.

Ho ønskjer å vera anonym. Etter eitt år der rusavhengige sette sprøyter og kjøpte narkotika rett utanfor vindauga hennar, fekk ho nok.

Denne veka flytta ho ut.

– Eg kjende ikkje til at det var slik i dette området. No har eg sett det meste. Det er synd at det skal vera slik i Bergen. Og det er ikkje bra for dei rusavhengige heller at det er slik, seier ho.

Korskirken i Vågsbunnen.

NARKOSONE: I dette området ved Korskirkeallmenningen i Vågsbunnen blir det brukt og omsett narkotika på høglys dag. Politiet er bekymra.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Flytta seg til sentrum

For nokre veker sidan filma «Elena» då ein ung mann sette sprøyte i armen – få meter frå soveromsvindauget. Eit par meter unna fekk ei ung kvinne, liggande på bakken, hjelp til å setja sprøyte.

– Dette er ei russcene me reknar som ein av våre store utfordringar, seier Lars Morten Lothe, stasjonssjef ved Bergen sentrum politistasjon.

Då Nygårdsparken stengde for oppussing, hadde parken fungert som ein stad med open bruk og omsetnad av ulovlege rusmiddel i over femti år.

Fleire frykta at det store miljøet og valden som følgde med, ville flytta seg til sentrumskjernen i Bergen. Målet til både kommune og politi var å unngå nettopp det.

Bekymringa blei realitet. I juni uttalte politiet at utviklinga i Vågsbunnen var «svært negativ».

Åpen russcene i Vågsbunnen

DOKUMENTERTE: Elene har filma fleire av episodane frå soveromsvindauget sitt. No har ho flytta, etter eit år med russcena som næraste nabo.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Politiet ser aukande utvikling

I og ved Korskirkeallmenningen ligg fleire lågterskeltilbod for rusavhengige. Både Kirkens Bymisjon og Evangeliesenteret tilbyr personar frå rusmiljøet mat og andre tenester.

Stasjonssjef Lothe vedgår at det har vore ei sterkt tiltakande utvikling i området dei siste månadene.

– I vår fekk me meldingar om aukande rusaktivitet der.

Lothe seier politiet forsøker å letta byrda det er å vera nabo til det sterkt belasta området.

– Me synest det er ille dersom bebuarar flyttar utelukkande på grunn av den opne rusbruken.

Byråd Erlend Horn (t.v.), politioverbetjent Roger Olsen og Kirkens Bymisjons Arne Liljedahl Lynngård

VURDERER FLYTTING: Sosialbyråd Erlend Horn (t.v.) bad i sommar dagleg leiar Arne Liljedahl Lynngård (t.h.) i Kirkens Bymisjon flytta lågterskeltilbodet Møteplassen frå Hollendergaten. Så langt har lite skjedd.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Folk gløymer kor ille det var i Nygårdsparken

Sosialbyråd Erlend Horn (V) og dagleg leiar Arne Liljedahl Lynngård i Kirkens Bymisjon er samde om at lågterskeltilbodet «Møteplassen» må flyttast frå Hollendergaten.

Utfordringa er å finna alternative stader.

– Me gjer det me kan for å minska problema, seier Horn, når han blir vist videoane «Elena» har filma frå sitt soverom.

– Kan ein seia at stenginga av Nygårdsparken var ein suksess, når ein ser kva som skjer ved Strax-huset og i Vågsbunnen?

– Både ja og nei. Eg trur folk gløymer litt kor ille det var i Nygårdsparken. Det har me klart å redusera, men me er på ingen måte i mål.