Hopp til innhold

Rusavhengige Iris gjekk frå sal av gatemagasin til jobb på Narvesen

Iris selde gatemagasin på kjøpesenteret for å få råd til heroin. I dag sel ho blad i senterkiosken. – Magasinet var heilt avgjerande.

Iris Glesnes før og etter rus

DÅ OG NO: Iris Glesnes vog 43 kg då ho sleit på sitt verste. Laurdag 4. februar har ho vore rusfri i fire år og fått fast jobb i kiosk.

Foto: privat / Sissel Rikheim / NRK

Iris Glesnes hadde fast jobb, hus og familie då ho blei sjuk.

Ein alvorleg diagnose førte til i ei rekkje operasjonar og omfattande bruk av morfin og smertedempande medisinar.

– Eg visste det var gale, men trudde ikkje eg var så avhengig.

Flytta frå mann og born

Glesnes og mannen gjekk frå kvarandre og ho flytta for seg sjølv. I meir enn seks år rusa ho seg på lovlege medisinar, utskriven av det offentlege, før ho brått fekk nei.

– Det enda med at eg kort tid seinare fekk hjelp til å setja den første sprøyta med heroin.

Iris var nær døden etter fleire overdosar og hadde berre sporadisk kontakt med borna som lurte på om mora var i live

– I 16 år var eg avhengig, dei seks siste på heroin. Eg måtta ta eit val, fortel kvinna frå Arna bydel i Bergen.

Iris Glesnes selger Megafon

TILBAKE: I gangen på Øyrane torg sel Iris Glesnes framleis Megafon til trufaste kundar. No jobbar ho i halv stilling på senterkiosken.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Det var avisa Bygdanytt som først fortalde historia til Glesnes.

Rusfri i fire år

I dag er det på dagen fire år sidan Iris Glesnes blei rusfri. Nyttårsaftan 2013 bestemte ho seg for at ho ville vekk frå livet ho var i ferd med å mista.

– Eg hadde ingenting og stod med ein fot i grava. Eg bad til høgare makter om eit teikn, og første vyrkedag i 2014 fekk eg brev i posten om at eg var kalla inn til behandling.

Då hadde ho allereie selt gatemagasinet Megafon i to år. Kvar krone ho fekk inn gjekk med til å fiksa neste dose.

– Magasinet har betydd svært mykje. Då eg bestemte meg for å bli nykter gav magasinsalet meg eit påskot for å stå opp og koma meg ut.

Thomas Anthun Nielsen

JUBILERER: For ti år sidan starta Thomas Anthun Nielsen som dagleg leiar for gatemagasinet Megafon.

Foto: NRK

– Skulle ønske eg blei arbeidslaus

For ti år sidan tok dagleg leiar Thomas Anthun Nielsen fatt på jobben med å etablera Megafon, eitt av få kontaktpunkt for Bergens mange rusavhengige.

– Frå åtte usikre sjeler som starta å selja blad for ti år sidan, har me i dag 800 seljarar i Bergen.

Denne veka er det 10 år sidan gatemagasinet kom ut for første gong.

– Eg håpar eg blir arbeidslaus, men eg trur ikkje eg blir det med det første. Seinast fredag registrerte eg ein ny seljar. Målet er at dei som slit skal få trua på seg sjølv og eit godt og verdig liv, seier Nielsen.

Iris Glesnes

PÅ JOBB: Iris Glesnes jobbar femti prosent hjå Narvesen i Arna. Etter eit år i sentergangane blei ho spurt om ho ville jobba hjå Narvesen.

Frå Megafon til Se og Hør

For Glesnes blei arbeidsplassen heilt avgjerande. Etter å ha selt blad på Øyrane torg i eit år, fekk ho tilbod om jobb på senterkiosken.

No har Glesnes jobb, god kontakt med familien og eit liv med meining.

– Det betyr utruleg mykje for meg.