Politiet fekk sundag ettermiddag melding om ein livlaus person som låg over roret, tilsynelatande livlaus, på ei 24 fot lang plastsnekke sør for Austevoll i Hordaland.
Det var ei passerande ferje som melde frå til politiet.
Redningsskøyta Simrad Færder fekk melding frå Hovudredningssentralen og sette fart mot båten.
– Då me kom fram var båten i drift og hadde kurs rett mot land. Føraren hadde sovna og var ute av stand til å føra båten. Me prøvde å få kontakt ved hjelp av horn, men mannen var ute av stand til å oppfatta lydsignala, fortel skipper Thomas Høiseth.
Det var BA som først omtala saka.
– Kunne blitt stygt
Skipperen anslår at båten var 150 meter frå land då redningsskøyta la seg opp på sida av båten. Ein mann frå redningsskøyta tok seg over i plastsnekka og fekk stansa motoren.
– Me måtte streva for å avverja situasjonen i tide. Båten heldt 6 knop og i den farten er ikkje 150 meter så mykje, seier Høiseth.
– Det er ein del ferjetrafikk og ein del straum i området. Eg er glad for at me kom fram då me gjorde det. Det kunne sett ordentleg stygt ut viss båten hadde treft land.
Redningsmannskapet prøvde i lang tid å få kontakt med føraren, før dei kontakta ambulansebåt for å sjå bort frå at episoden var relatert til mannen sin helsetilstand.
– Nesten livlaus
Skipperen og mannskapet slepte den eldre båten klar av land og fekk fortøydd han ved næraste kai. Mannen blei overlevert politiet.
– Han var sterkt rusa, nesten livlaus. Han var ikkje i stand til å føra båten, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Kronen.
Den rusa havaristen blir teken med til legevakt for avlegging av blodprøve før han blir overlevert lensmannen på Austevoll. Mannen blir meldt for promillekøyringa
– Det er godt det er rolege vêrtilhøve. Viss ikkje kunne dett gått verkeleg ille, seier Kronen.