Hopp til innhold

Rumenarar kasta ut av tomt hus - skal rivast i ettermiddag

Politiet såg tilfeldigvis folk då dei kjørte forbi det falleferdige huset i Bergen i dag tidleg, og kasta ut dei elleve som budde der. Alt i ettermiddag skal huset rivast.

Politiet såg tilfeldigvis folk då dei kjørte forbi det falleferdige huset i Bergen i dag tidleg, og kasta ut dei elleve som budde der. Alt i ettermiddag skal huset rivast.

VIDEO: Slik var det inne i huset i Michael Krohnsgate i Bergen.

Romfolk kastes ut av falleferdig hus

UTAN STRAUM: I det rivingsklare huset har det budd folk i periodar sidan november, utan verken vatn eller straum. Nesten alle vindaugo er knust.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Kjøkkenkroken i det forlatte huset

KJØKKEN: Mellom enorme mengder avfall av ulikt slag er det tydeleg at folk har laga mat og gått på toalettet. Det er verken vatn eller straum i det falleferdige huset.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Michael Krohnsgate 61

SØPPELSAMLING: Store delar av det tomme huset er prega av boss. Då NRK sin reporter kom til staden, var rumenarane på veg bort. No veit dei ikkje kvar dei skal ta vegen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Hustet sett utanfrå

STORT HUS: Bergen og omland boligbyggelag (BOB) har eigd huset sidan 2006, men aldri opplevd at folk har søkt tilhald der før i år. – Dette er ikkje ein eigna stad å vera, seier dei.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Politiet sa vi måtte bort herfrå, seier ei rumensk kvinne til NRK.no, mens ho sleper ein sekk og ein koffert bort frå det falleferdige huset i Bergen.

Ved inngangspartiet til huset, som etter planen skal rivast i ettermiddag, ligg bosset strødd. Inne i det falleferdige bygget blir det verre. Mat, søppel, avføring. Alt rett på golvet.

Det er vanskeleg å førestilla seg at nokon kan bu her.

Politiet oppdaga folk tilfeldig

Jan Steimler ved Hordaland Politidistrikt fortel at det var heilt tilfeldig at politiet slo til akkurat i dag, berre timar før rivinga av huset skulle starta.

– Det var iallfall ni personar som heldt til i huset, og dei fortalde at det var to til som òg søkte tilflukt der, fortel Jan Steimler, operasjonsleiar i Hordaland Politidistrikt.

Til saman heldt elleve personar til i huset, som er eigd av Bergen og Omegn Boligbyggelag (BOB).

– Det er ikkje trygt for folk å opphalda seg i dette huset, seier Steimler, som fortel at det verken finst straum eller vatn der.

Like før klokka 10 tysdag meldte BT.no at politiet fjerna ei gruppe rumenarar frå eit tomt og falleferdig hus i Michael Krohns gate i Bergen. Då NRK.no kontakta politiet, kunne dei fortelja at huset skal rivast alt i ettermiddag.

– Ei tragedie

Både politi og huseigar omtalar huset som totalt ueigna å bu i for menneske.

Dei sanitære forholda inne i huset er ikkje-eksisterande. Huset er overfylt med avfall, og delar av golvet har fungert som toalett. Det finst knapt eit heilt vindauga her. Det er enorme mengder søppel i huset som ser ut som ein dumpeplass.

– Dette er ei tragedie for dei som har tatt seg inn i huset. Det betyr at dei ikkje har eit greitt og tilfredsstillande bualternativ, og da søkjer dei slike moglegheiter som dette huset, seier utbyggingsdirektør Tor-Magne Birkeli i BOB Eiendom.

Han seier dei ikkje kan vere med å løyse dette problemet.

– Det er eit stort problem ein må ta fatt i på den måten samfunnet meiner er det rette, seier Birkeli.

Problem i månadsvis

BOB har eigd huset sidan 2006, men aldri før i år har dei opplevd at folk har søkt tilflukt her. Dei fekk første gong beskjed om at det hadde vore folk som budde her sporadisk i november.

Rivingsarbeidet, som startar alt i ettermiddag, har ifølgje BOB vore planlagt i lang tid.

Maskinene skal etter planen stå klare til å starta rivinga i føremiddag. Politiet seier at alle dei elleve personane skal vera ute av huset.

– Kva skjer med dei som har budd her?

– Dei er bortvist. Dei har ikkje noko tilhald her, så dei bur litt rundt omkring og no er det dette huset dei har tatt tilhald i, seier Jan Steimler i politiet.

Ulovleg i nabobygget

For nokre veker sidan var det brann i nabohuset i Michael Krohns gate.

Ifølgje Jan Steimler i politiet fekk dei då meldingar om at folk budde ulovleg også i dette bygget.

Toalettkroken i rivningsklart hus

UVERDIGE SANITÆRFORHOLD: Denne kroken på golvet ser ut til å ha blitt brukt som toalett.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK