Hopp til innhold

Røykutvikling i tunnel på E39

Motorhavari for varebil ga kraftig røykutvikling i Eikefettunnelen i Lindås.

eikefettunnelen

Like etter klokka 15.30 kom det melding om kraftig røykutvikling frå den 4,9 kilometer lange tunnelen på E39 nord for Bergen.

– Det skal stamma frå eit køyretøy som står inne i tunnelen. Vi har stengt tunnelen i samsvar til instruks, fortel Vegtrafikksentralen.

– Meldarar fortel at dei ikkje ser midtstripa inne i tunnelen, fortel operasjonsleiar Lars Geitle i politiet til NRK.

Havari midt i tunnelen

Klokka 15.41 melder politiet at røykutviklinga ikkje stammar frå brann, men frå motorhavari.

– Det er ein varebil som står omtrent midt i tunnelen. Han som var i bilen, er ute av tunnelen, og blir no sjekka av helsepersonell. Han skal ikkje vera skadd, oppdaterer Geitle klokka 16.00.

Brannvesenet har klokka 16.10 køyrt gjennom tunnelen, og stadfester at det ikkje er bilar eller personar der.

Ved 16.30-tiden ble tunnelen gjenåpnet, etter at den havarerte bilen er fjernet.