Hopp til innhold

Røykutvikling i Radøyhallen

Naudetatane har rykka ut til Radøyhallen, der det er meld om røykutvikling. – Det var nokon som var på trening i hallen som melde frå, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt. Brannvesenet er inne i hallen og leitar etter kjelda, men har førebels ikkje funne noko. Det er mistanke om at røyken kjem frå eit motorrom knytt til ventilasjonsanlegget.

Laster Twitter-innhold