NRK Meny
Normal

Rykka ut til bål inne i bygg

Brannvesenet rykka ut til eit bål i den gamle målarfabrikken i Damsgårdsveien i Bergen. To personar er meldt for brannstifting.

Røykutvikling i Damsgårdsveien i Bergen

RØYKUTVIKLING: Brannvesenet fekk melding om røyk frå eit bygg i Damsgårdsveien i Bergen, og fann eit bål inne i bygget. Dei har også søkt etter fleire røykkjelder inne i bygget.

Foto: NRK

– Brannvesenet fekk melding om røyk frå ein bygning i Damsgårdsveien i Bergen klokka 21.27 og var på staden 21.38, seier Rune Hovlandsdal, vaktkommandør i 110-sentralen.

– Me kjem fram, og brannvesenet kjenner røyk. Dei går no inn i bygningen for å lokalisere kvar røyken kjem frå, seier han.

Problem med å lokalisere

Brannvesenet har observert røyk frå andre etasje i bygget.

– Klokka 21.57 får me melding om at det er vanskeleg å finne kjelda til røyken, seier Hovlandsdal.

– Me er inne i bygget og søkjer, og eg kan bekrefte at det ikkje er eit bygg det bur personar i, seier han.

Fann eit bål inne i bygget

Røykutvikling i Damsgårdsveien i Bergen

FANN BÅL: I andre etasje i bygget i Damsgårdsveien fann brannvesenet eit bål.

Foto: NRK

Klokka 22.33 seier Hovlandsdal at brannvesenet har funne eit bål inne i bygget.

– Me har funne eit bål i andre etasje, og det held me på med å sløkke, seier han.

– Bålet var ikkje så veldig stort, for det tok så lang tid å finne det. Me leitar no vidare etter andre røykkjelder, seier Hovlandsdal.

Trefte på mistenkte

Politiet bekreftar at dei har treft på to mistenkte som kan stå bak brannen.

– Ein politipatrulje med hund trefte på to personar med sot i ansiktet, og desse to er menn som er 34 og 45 år gamle, seier Kjersti Eidsnes, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

– Patruljen trefte på desse klokka 22.33, seier ho.

Klokka 22.54 avslutta brannvesenet på staden og returnerte til brannstasjonen. Det vart ikkje funne andre brannkjelder enn bålet i andre etasje.

– Dei to mennene vart meldt for brannstifting, og vart dimittert av patruljen på staden. Dei vart også pålagt å halde seg vekke frå adressa i 24 timar, seier Eidsnes.

– Dei to er kjenningar av politiet, seier ho.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.