NRK Meny
Normal

Røykutvikling i blokk var tørrkoking

LANDÅS (NRK): Naudetatane rykka ut til ei bustadblokk på Årstad i Bergen etter melding om røyk og svilukt. Brannvesenet braut seg inn og fann ei steikepanne i full fyr.

Tørrkoking på Landås

LANDÅS: Brannvesenet tok seg inn i leilegheita og fann ut at den moglege brannen berre var tørrkoking.

Foto: Christian Lura / NRK

– Ein innringar melde om at det kom tjukk røyk ifrå ei leilegheit i bustadblokka, opplyser vaktoperatør Jan Ove Haga ved 110-sentralen i Hordaland.

Brannvesenet kom fram og kunne fortelje at røykutviklinga truleg skuldast tørrkoking.

Rykka til feil adresse

Kvinna som melde frå får skryt av brannmennene for innsatsen. Ho bur ikkje sjølv i blokka.

– Ho har gjort ein god jobb med å sjekke om det var folk i leilegheita, lukke dører og varsle naboar. Då vi kom fram var situasjonen roleg, seier vaktkommandør, Ståle Hauge ved 110-sentralen.

Brannvesenet tok seg inn og fann ei steikepanne i full fyr.

Brigadeleiar i brannvesenet opplyser at nokon hadde sett på panna og gløymde ho før dei hadde forlate staden.

Bustadblokka har om lag 12 leilegheiter. Situasjonen er under kontroll.

Siste video

Programleder: Marte Rommetveit
Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio