Hopp til innhold

Røykdykkarar har gått inn

Røykdykkarar frå Os brannvesen har no gått inn i huset i Skeismyra, der det kjem røyk frå eit kjøkken i andre etasje. – Huseigar vert tilsett av helsepersonell på staden, og det er ikkje fleire folk i huset. Røykdykkarane undersøker no kvar røyken kjem frå, seier vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen.