Hopp til innhold

RØYK FRÅ TUNNEL VAR VANNDAMP

Røyken som kom frå Jernfjelltunnelen viste seg å vere vanndamp. – Det er vårherre og vêret som er årsaka for stenginga, fortel trafikkoperatør Ronny Sleire. Politi og brannvesen rykka ut på meldinga, men fekk raskt avklart frå vegvesenet at det ikkje lenger var naudsynt. – Verdiane inne i tunnelen er normale, så vi lurte på kva dette kunne vere, seier operasjonsleiar i politiet Morten Kronen. Tunnelen er no open. – Vi ønskte ikkje å ta nokre sjansar. Vi stenger heller ein gong for mykje, enn ein gong for lite, avsluttar Sleire.