Hopp til innhold

Rovfugl herja i hønsegard: – Det var eit «fæla» rabalder

Anders Helgesen Veland fann si minste høne blodig og halveten på bakken, og filma gjerningsmannen i fluktforsøket.

Anders Helgesen Veland fekk ein hønsehauk på besøk i hønsegarden sin

SJÅ VIDEO AV HAUKEN I INNHEGNINGA: Anders Helgesen Veland forstod fort at det var noko som ikkje stemde, då han høyrde levenet i hønsegarden sin.

– Eg hadde 18 høner, men no er der berre 17 att, seier Anders Helgesen Veland.

I hønsegarden på Fyllingsnes i Lindås, hundre meter frå huset, fekk han førre veke besøk av ein ubeden gjest.

– Det var eit «fæla» rabalder, og då eg opna døra såg eg med ein gong at det var ein fugl der inne som ikkje høyrde til flokken, seier Veland.

Hønsehauken sto skremd i eit hjørne då Veland kom inn. I innhegninga låg òg den minste høna i flokken – død og blodig.

– Over innhegninga er der ei not, der maskene er om lag 12 cm. Eg kan ikkje forstå anna enn at hauken har kome seg inn gjennom nota, men den kom seg ikkje ut att sjølv.

Sjå videoen Veland filma av fluktforsøket øvst.

Ikkje fyrste gong

På dagtid let Veland vanlegvis dei svenske svarthønene sine gå lause i hagen. Tidlegare har hauken òg forsynt seg av dei frittgåande fuglane.

Anders Helgesen Veland

FRUSTRERT: Anders Helgesen Veland har mista fleire høner til hauken.

Foto: Privat

– Totalt har eg mista fem eller seks høner på denne måten. Men dette er fyrste gong hauken har kome heilt inn i innhegninga og forsynt seg medan hønene har vore innelåst.

Veland måtte til slutt jage hauken ut av innhegninga. Han legg ikkje skjul på at det er frustrerande å få besøk av den freda haukefuglen.

– Ein får jo lyst å riste den litt, men det går ikkje. Då får ein fort 20.000 kroner i bot. Men eg har ingen intensjon om det, hauken er fin og ein kjem nære på naturen.

– Skeptisk når den er fanga

Generalsekretær i Norsk Ornitologisk Forening, Kjetil Solbakken, seier hendinga på Fyllingsnes samsvarer med andre historier han har høyrt om hønsehauk.

– Det er ingen fasit på kor mange høner ein hønsehauk kan ta, men dette høyrest ut som ein typisk situasjon der ein hauk har kome seg inn til hønene og ikkje kjem seg ut.

– Hauken vil normalt prøve å fly av garde med byttet sitt, for å kunne ribbe og ete den i fred og ro. Dersom den forstår at den ikkje kan stikke av, vil hauken verte skeptisk, seier Solbakken.

Kjetil Solbakken

IKKJE OVERRASKA: Generalsekretær i Norsk Ornitologisk Forening, Kjetil Solbakken, seier det ikkje er heilt uvanleg at ein hønsehauk tek seg inn i ei innhegning på denne måten. – Hønsehauken vert tiltrekt av burfugl, det er eit naturleg byttedyr.

Foto: Helene Solheim / NRK

Ornitologen meiner slike hendingar skjer når ein hønsegard er for dårleg sikra, og Veland innrømmer at han til tider har vore sløv med å lukke døra til innhegninga.

Han fortel om fleire forsøk på å skremme hauken.

– Tidlegare hadde eg ei plastugle i hagen som skulle skremme den, men det fungerte ikkje. Seinare har eg kjøpt ein drage forma som ein falk, som heng i den største furua i hagen. Denne hadde set seg fast i ei grein same dag som hønsehauken kom inn i innhegninga. Sjølv om den no er ordentleg festa, er eg likevel ikkje heilt trygg, seier Veland.