Hopp til innhold

Båttjuvar måtte reddast av politiet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Røvartoktet gjekk ikkje heilt som planlagt for to båttjuvar på Radøy i natt.

Politiet og redningsskøyta Kristian Jebsen måtte redde to kalde båttjuvar frå ein holme i Radøy i natt.

– Dei to menna i 20-åra braut seg inn i eit naust og tok ein båt med stor påhengsmotor. Så har dei sannsynlegvis fått båten på vatnet, men ikkje klart å få start på motoren, slik at dei har rekt utover, seier lensmann i Radøy, Einar Vatne.

Etter ei stund hamna dei to på ein holme, der dei måtte overnatte.

– Dei ringte ein kamerat som igjen meldte frå til politiet. Vi reiste ut til holmen i lag med redningsskøyta, så akkurat no sit dei på kontoret her, seier lensmann i Radøy Einar Vatne.

Fortvila tjuvar

Kaptein Bjørn Berg på Kristian Jebsen måtte hjelpe dei to båttjuvane etter forliset.

– Vi fekk melding frå Hovudredningssentralen om at ein båt sto på grunn og at det var mistanke om at den var stolen, seier han til NRK.no.

Då redningsbåten kom fram, sat det to lettare fortvila menn på holmen.

– Vi fekk plukka dei to opp og tok dei med til land. Båten hadde fått nokre skadar i botnen, men ikkje store, seier Berg.

Våte og kalde

Båten er kome til rette, og tjuvane er tatt hand om.

– Ein av dei var ganske nedkjølt då vi henta dei, den andre noko betre. Vi har vore innom legevakta med dei, så det går bra med dei no, seier lensmann Vatne.

Akkurat kor lenge dei to menna i 20-åra var på holmen er usikkert. Det er mistanke om at tjuvane var rusa.

– No skal vi gjennom avhør, så får vi sjå kva som kjem fram der, seier Vatne.