– Når politikarar skuldar på flyktningane, aukar det striden

BEIRUT (NRK): Rouba Mhaissen (31) meiner Raftoprisen kjem på eit kritisk tidspunkt for syriske flyktningar som risikerer tvangsreturar til heimlandet.

NRK-reporter Kristin Solberg møtte prisvinneren i Libanon i dag

– Eg er overvelda, stolt og glad, seier årets vinnar av Raftoprisen, Rouba Mhaissen (31).

NRK møter den syrisk-libanesiske menneskerettsaktivisten i Beirut, Libanon, få timar etter at prisen er offentleggjort på Menneskerettighetenes plass i Bergen.

– Dette viser at Syria framleis er på det internasjonale kartet og at folk anerkjenner utfordringane til det syriske folket. Eg er audmjuk over å ta imot prisen, seier Mhaissen.

Jobbar for flyktningar i Libanon: – Har blitt verre

Mhaissen er grunnleggar og leiar organisasjonen Sawa for Development and Aid. Dei kjempar for å betre livssituasjonen for syriske flyktningar i Libanon, med eit særskilt fokus på barn og kvinner.

«Gjennom sitt politiske påvirkningsarbeid, vektlegg Mhaissen betydningen av å behandle mennesker på flukt med verdighet og garantere dem retten til å forme sine egne liv og skjebner», skriv prisutdelarane i si grunngjeving.

Mhaissen har engasjert seg i flyktningsaka sidan ho var 22 år. Til NRK seier ho at situasjonen gradvis har blitt verre for syrarane i Libanon.

– Det har vore åtte år der dei ikkje har fått jobbe, barna går på skule utan å få bevis for det og mennene kan ikkje bevege seg fritt grunna utfordringar med beskyttelse.

Gjennom arbeidet i Sawa dokumenterer Mhaissen korleis flyktningane har det. Dei siste to åra har fokuset særleg vore på flyktningar i Libanon som må returnere til Syria.

– Det blir kalla frivillig retur, men eg vil setje frivillig i hermeteikn. Det er mange pressfaktorar i Libanon, anten det er trugslar frå visse politiske parti, dårlege forhold eller aukande fiendskap mot flyktningane, forklarar Mhaissen.

Rouba Mhaissen

FÅR PRIS: Rouba Mhaissen er leiar av sivilsamfunnsorganisasjonen Sawa, som arbeider for å betre livssituasjonen til syriske flyktningar i Libanon.

Foto: Raftostiftelsen

– Kritisk tidspunkt

Ho teiknar eit bilete av eit land som har utfordringar med å handtere dei store flyktningmassane.

Libanon har om lag 4,5 millionar innbyggjarar. No er det nær to millionar flyktningar i landet, påpeikar Mhaissen.

– Når syrarane først kom hit, var det ikkje eit hus som ikkje opna dørene for dei. No har Libanon sine eigne problem å stri med. Når politikarar skuldar på flyktningane for dei problema, aukar det striden, seier ho.

For mange syriske flyktningar, både i Libanon og i Europa, er det problematisk og farleg å vende tilbake til heimlandet.

– Vi gløymer at forholda er langt frå gode i Syria. Dei siste månadane har vi sett tvungne returar til Syria som vi meiner er brot på menneskerettane og fleire internasjonale lover.

Mhaissen seier prisen ho no har fått difor kjem på eit kritisk tidspunkt for situasjonen til dei syriske flyktningane.

– Mange europeiske land har også byrja å snakke om «frivillige» returar til Syria. Denne prisen kastar lys over den aukande tendensen. Ingen skal bli sendt heim til slike forhold, utan at dei bestemmer det sjølv, seier Mhaissen til NRK.

Lise Rakner, komiteleiar i Raftostifelsen

OFFENTLEGGJORDE VINNAREN: Komiteleiar Lise Rakner i Raftostiftelsen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Løftar fram menneskerettar

Kvart år deler Raftostiftelsen i Bergen ut pris til ein person eller organisasjon utmerker seg i kampen for menneskerettane.

Formålet er å løfte fram ukjente menneskerettsforkjemparar og setje fokus på saka deira.

Om lag 70 millionar menneske i verda er på flukt. Raftostiftelsen peikar på at mange flyktningar får menneskerettane sine sett til side når dei blir stilt opp mot «statsborgeres og nasjonale regjeringers interesser».

Rouba Mhaissen får prisen sundag 3. november på Den Nationale Scene i Bergen.

Fleire tidlegare vinnarar av Raftoprisen har seinare fått Nobels fredspris. Her er lista over tidlegare raftoprisvinnarar: