– Ja, vi har arrestert han. Vi fekk vite at han skulle spele ein song på eit russetreff på utestaden Metro i Bergen, og då han var ferdig, så var vi der, fortel operasjonsleiar i politiet, Frode Kolltveit til NRK.
Det var BT som først melde om arrestasjonen av bergens-rapparen.
- LES OGSÅ:
Skulle melde seg etter ferie
Det var like etter klokka 01.00 i natt at politiet arresterte 22-åringen. No sit han i arresten, og skal møte i avhøyr i løpet av dagen.
– Han har gjerne nokre saker han må forklare seg litt om, seier Kolltveit.
Politiadvokat Elisabeth Ryen seier tysdag føremiddag til BT at 22-åringen er tiltalt for vald mot tre menn i Bergen sentrum i oktober 2014 og januar 2015, og i tillegg sikta for truslar og brot på vegtrafikkloven.
I fjor haust ble mannen dømt til to års fengsel for fleire tillfelle av grov vold. No vil politiet ha han varetektsfengsla grunna gjentakingsfare.
Stakk av frå politiet i august
Rapparen har tidlegare sagt at han sjølv ville melde seg for politiet.
– Eg er ikkje stolt over det eg har gjort, og skal melde meg. Men først skal eg gjere ferdig eit par låtar og reise på ferie, sa 22-åringen til NRK i går.
Han har vore på rømmen sidan august, då han stakk av frå politiet medan han var i varetekt. Flukta gjekk frå luftegarden på politihuset, der han klatra opp å taket og deretter stakk av.
– Eg har jo hoppa over eit par gjerde i i mi tid. Eg driv ikkje med parkour, men ein vegg på 2,30 er lett. Sidan har eg kost med og eigentleg ikkje skjult meg så veldig, har han tidlegare fortalt NRK.
Etter flukta frå politiet har han opptredd på fleire utestadar i Bergen, mellom anna Klubb Kok og USF Verftet.
Oppfordra til å melde seg
Rapparen er tilknytt det bergenske rapkollektivet NMG/G-Huset, der Leo Ajkic er både manager og mentor. Han slapp si første låt denne hausten.
Ajkic har klart oppfordra han til å melde seg til politiet.
– Eg vil gjerne jobbe meir med han, men då må han gjere opp for seg, seier Ajkic.
22-åringen har presisert at Ajkic ikkje er hans manager no, og verken har noko med musikkprosjektet eller rømminga hans å gjere.