Romjulssnøen gav rekordbesøk

Både Fløibanen, Voss Resort, og Eikedalen skisenter hadde den beste helga så langt i år. – Berre i helga hadde me 9000 påstigingar, seier adminstrasjonssjef ved Fløibanen.

Puddersnø i Myrkdalen

PUDDERSNØ: I Myrkdalen Fjellandsby var det heile 7100 gjestar i helga. Her kosar Lisa Worthman kosar seg i puddersnøen i Myrkdalen i helga.

Foto: Myrkdalen Fjellandsby AS
Snømann ved Fløibanen

SNØ I BYEN: Nokon har bygd ein snømann ved Fløibanen i Bergen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Me har selt rundt 4500 enkeltbillettar siste veka. Snøen som kom andre juledag gjorde at me selde ein del akebillettar, seier Evy Amundsen Finne som er adminstrasjonssjef ved Fløibanen.

– På ein sommardag har me fleire påstigingar, men helgetalet er eit veldig bra tal for oss om vinteren, seier ho.

(Saka held fram under videoen)

Mange var ute då snøen kom til Bergen andre juledag.

AKETUR: Desse kosa seg på aketur i Skansemyrsveien i Bergen andre juledag.

– I fjor hadde me ikkje slike tal

Kari Traa-trekket

STOR KAPASITET: Myrkdalen Fjellandsby har tidlegare hatt 4000 gjestar på ein dag, men med 7100 gjestar i helga er det ei betre julehelg enn året før.

Foto: Myrkdalen Fjellandsby AS

Myrkdalen Fjellandsby AS på Voss hadde gode tal, og til saman 7100 personar besøkte heisane fredag, laurdag og sundag.

– Me hadde 2700 gjestar på laurdag, og 2800 på sundag. Det er totalt sett betre enn jula i fjor, seier marknadsdirektør i Myrkdalen Fjellandsby AS, Kaia Finne.

Anna Bryn er dagleg leiar i Voss Resort fjellheisar, og ho fortel at heile 6500 besøkte fjellheisane fredag til og med sundag.

– Laurdag var den beste skidagen med sol og bra føre, og då hadde me 2800 personar i heisane. Me kan ha slike tal på ei god helg, men i fjor hadde me ikkje slike tal. Det har vore ei strålande jul, seier Bryn.

– Ei bra helg

Eikedalen skisenter

REKORDHELG: I Eikedalen skisenter var det heile 3800 gjestar i helga.

Foto: Jan Petter Svendal

I helga hadde Eikedalen skisenter rekordbesøk med 2200 besøkjande laurdag, og sundag vart også ein god dag, med 1600 gjestar.

Eikedalen skisenter

PUDDER: Det var mykje puddersnø i Eikedalen skisenter laurdag.

Foto: Jan Petter Svendal

– Det har vore ei bra helg, og i dag også er det bra med folk. Det er svært sjeldan me har hatt så mange i jula, iallfall med tanke på at me hadde stengt på same tid i fjor, seier dagleg leiar ved Eikedalen skisenter, Fredrik Tønjum.

På Kvamskogen hadde også mange komme seg ut i Furedalen alpin, og skiheisane hadde til saman rundt 1200 besøkjande laurdag og sundag.

Endå fleire besøkte Røldal skisenter og der var det totalt 3500 besøkjande fredag til og med sundag.

– Sundag hadde me rundt 1500 gjester, og det er bra for denne jula. Me får ikkje dei store toppane denne sesongen, for det er fleire fridagar i år, med jula midt i vekene. Folk har meir tid, så det er jamnare pågang, seier Oddvar Bratteteig, dagleg leiar ved Røldal skisenter.

Røldal skisenter

RØLDAL: Slike såg løypene ut laurdag morgon i Røldal skisenter.

Foto: Røldal skisenter

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.