Hopp til innhold

– Spenningsnivået stig fleire hakk når ein blir kalla ut til ein tunnelbrann

Røldalstunnelen er no opna for trafikk. Brannvesenet prisar seg lukkelege for at alt fungerte som det skulle då ein personbil tok fyr midt i den 4,6 kilometer lange tunnelen.

Bilbrann røldalstunnelen

INGEN SKADDE: Brannvesenet fekk like før klokka 20.00 kontroll på brannen. Røldalstunnelen er 4,6 kilometer lang.

Foto: Sture Arthur Nicolaysen

Bilbrann i Røldalstunnelen

TOTALVRAK: Volvoen som tok fyr i Røldalstunnelen vart taua vekk rundt klokka 21.00.

Foto: Sture Arthur Nicolaysen
Bilbrann i Røldalstunnelen

SVART RØYK: Det var store mengder svart røyk på staden.

Foto: Sture Arthur Nicolaysen
bilbrann røldalstunnelen

KØAR: Det er usikker når tunnelen vil opne for trafikk. Det er framleis røyk i tunnelen.

Foto: Sture Arthur Nicolaysen / NRK

Naudetatane rykka til staden like etter klokka sju, då dei fekk melding om at ein personbil sto i brann i midten av tunnelen.

Meldinga om at brannen er sløkt kom like før klokka 20.00 i kveld.

– Takk og pris for at ingen blei skadde. Tunnelbrannar kan vere eit inferno, men i dag fungerte alt som det skulle, seier vakthavande på brannstaden, Karsten Måkestad.

Ingen er skadde

– Alle kom seg ut av tunnelen og ingen er skadde, fortel vaktkommandør i brannvesenet, sa Ronny Karlsen til NRK.no tidlegare i kveld.

Røldal og Odda brannvesen rykte ut på kvar si side av tunnelen, og den blei raskt stengt for trafikk. Vitner på staden fortel om store mengder svart røyk som står ut av tunnelen.

Bilen blei lagt i skum og situasjonen var under kontroll like før klokka 20.00.

Valdsame røykmengder

Vakthavande på staden, Karsten Måkestad, fortel også om store mengder røyk.

– For å kome oss fram til bilen brukte vi viftene i tunnelen til å styre røyken mot Odda. Brannvesenet i Røldal, som står på den andre sida, kom seg difor greit fram til bilen og fekk starta sløkningsarbeid, fortel Måkestad.

Tunnelen er 4657 meter lang, og ligg på riksveg 13 mellom Odda og Røldal.

Bilen er totalvraka

Vakthavande på staden sto klokka 20.25 på brannstaden vel 2000 meter inne i Røldalstunnelen.

– Bilen er heilt utbrent og totalvraka. Men når ein tenkjer på kor gale ein tunnelbrann kan gå, må eg seie at dette kunne vore langt verre, seier Måkestad.

Dei kunne ikkje sjå store skadar på tunnelen, og ventar no på bergingsbil og at vegvesenet skal kome å kontrollere åstaden før trafikken blir sett i gong att.

– Telefondekning var alfa og omega

Tunnelen er 4,6 kilometer lang og skapar difor ekstra utfordringar for redningsmannskap.

– Alt har fungert i dag. Ventilasjonsanlegget fungerte som det skulle, og vi fekk raskt sikra oss at det ikkje var nokon inne i tunnelen. Det er også telefondekning i denne tunnelen, noko som er alfa og omega i slike situasjonar, seier Måkestad.

Førebels kan dei ikkje seie noko om kva som er årsaka til at brannen starta.

– Eg er uansett glad for at vi ikkje hamna i ein liknande situasjon som brannen i Gudvangatunnelen. Spenningsnivået stig fleire hakk når ein blir kalt ut på ein tunnelbrann, seier Måkestad.