Hopp til innhold

Her er Bergen sin nye byrådsleiar

Store omveltningar i byrådet i Bergen: Roger Valhammer (Ap) erstattar Harald Schjelderup (Ap) som byrådsleiar. Beate Husa (KrF) blir helsebyråd og Linn Kristin Engø (Ap) skulebyråd.

Roger Valhammer ny byrådsleder

NY BYRÅDSLEIAR: Roger Valhammer, Ap sin toppkandidat til kommunevalet i Bergen i haust, blir ny byrådsleiar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Harald Schjelderup varsla torsdag morgon ordførar Marte Mjøs Persen om at han går av som byrådsleiar.

«Det har vært et stort privilegium å få være byrådsleiar i Bergen», skriv Schjelderup i det formelle brevet til ordføraren.

Heilt sidan Schjelderup i fjor melde at han ikkje ville ta attval no i haust, har det vore spekulert i at byrådsleiaren ville gå av før valet.

– Eg stiller ikkje til val, og eg syns at det er best for alle partar at dei som sit i posisjon stiller til val, seier Schjelderup til NRK.

Valhammer-byrådet

VALHAMMER-BYRÅDET: Frå venstre skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap), byutviklingsbyråd Anna-Elisa Tryti (Ap), sosialbyråd Per-Arne Hvidsten Larsen (V), byrådsleiar Roger Valhammer (Ap), finansbyråd Håkon Pettersen (KrF), kulturbyråd Julie Andersland (V) og helsebyråd Beate Husa (KrF).

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Ny byrådsleiar

I ei pressemelding litt etter klokka 10 torsdag blei det stadfesta at Roger Valhammer blir ny byrådsleiar.

– Eg har i dag bedt byrådsleiarkandidat Roger Valhammer om å danne et nytt byråd i Bergen, og avventer det nye byrådets konstituering, seier ordføraren i pressemeldinga.

Med dette trekket får Arbeidarpartiet profilert Valhammer, som er Ap sin toppkandidat til valet i haust, i rolla som byrådsleiar i vel fire månader.

Byråd for barnehage, skole og idrett i Bergen, Linn Kristin Engø

SKULEBYRÅD: Linn Kristin Engø har vore i bakgrunnen i bypolitikken dei siste åra. Ho har vore politisk rådgivar for byrådsleiar Schjelderup.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Teknisk sett gjekk heile byrådet i Bergen i dag av, og blei erstatta med eit nytt. Dei konstituerte seg sjølve på eit møte klokka 13.

– Eg er stolt og audmjuk av å ha fått oppgåva om å leie byrådet i Bergen, seier Valhammer.

Helsebyråden går også av

Fordelinga med tre byrådar frå Ap, to frå Venstre og to frå KrF består.

Linn Kristin Engø (25) blir ny byråd for barnehage, skole og idrett. Ho har vært politisk rådgivar for byrådsleiaren.

Ny byråd for helse og omsorg er Beate Husa frå Kristeleg Folkeparti. Ho overtek etter Rebekka Ljosland (KrF), som trakk seg samstundes som leiarskiftet.

Helsebyråd i Bergen, Beate Husa

HELSEBYRÅD: Beate Husa markerte seg i striden om KrFs vegval. Ho kjempa for at partiet skulle gå inn i regjering med Høgre, Frp og Venstre. No går ho sjølv inn i eit Ap-leia byråd.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Ljosland har fått ny jobb som samhandlingssjef på Haraldsplass Diakonale Sykehus.

– Likevel er det sjølvsagt litt vemodig i dag, skriv Ljosland på Facebook om at ho går av som byråd etter neste fire år.

Valhammer tek over

Det var BA som onsdag kveld først melde om det komande maktskiftet i Bergen. Seinare melde også BT at den varsla avgangen til Schjelderup skulle skje torsdag.

NRK fekk også onsdag kveld bekrefta av kjelder nær byrådet at det var venta at Schjelderup skulle gå av i dag.

Harald Schjelderup

GÅR AV: Harald Schjelderup tek ikkje attval i haustens kommuneval. No går han også av eit halvt år før valet.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / SIMON S. BRANDSETH / NRK

Schjelderup delte sjølv nyhenda på si eiga Facebookside. Der blir han hylla av kollegaer og kjente frå fleire parti.

Ukjend

For mange veljarar er Valhammer eit ukjent fjes i bergenspolitikken. Han vann nominasjonskampen i Ap i februar, framfor ordførar Marte Mjøs Persen.

Samstundes som Schjelderup i august 2018 varsla at dette blir hans siste periode i bergenspolitikken, gjorde han utskiftingar i byrådet. Dåverande skule- og barnehagebyråd Pål Hafstad Thorsen måtte tre av og gi plass til Valhammer, som då var bystyrerepresentant.

Kjelder i Ap sa til NRK at Schjelderup med dette allereie då peika på sin arvtakar.