Rodrigo meiner gatekunsten redda han. No målar han gigantverk midt i Bergen

BERGEN SENTRUM (NRK): Sju av dei beste gatekunstnarane i landet lagar eit veggmåleri på 1000 kvadratmeter. Det skal inspirera ungdom frå belasta miljø.

Rodrigo Cortez (RC), gatekunst Holbergskaien, Bergen

UT AV KRIM OG RUS: – Gatekunsten blei min veg ut av eit ungdomsmiljø med småkriminalitet og rus, seier Rodrigo Cortez.

Foto: Øistein Jakobsen

– Kunsten var for meg ein veg ut av småkriminalitet, slåsting og rus, seier Rodrigo Cortez, med kunstnarnamnet RC.

Denne veka byrja han og ei handfull andre kunstnarar arbeidet med å gjera Skur 14 på Holbergskaien i Bergen om til det truleg største gatekunstverket som blir måla i Noreg i år.

NRK var med då den eine veggen fekk sine første strøk onsdag kveld. Cortez byrja å skissera opp teikninga si i stort format.

Sjå korleis gatekunstverket veks til:

Gatekunstverk av Rodrigo Cortez

ALBUM: Fram til 17.juli er det kunstnarar i sving dag og natt.

Foto: Øistein Jakobsen
Sju av dei beste gatekunstnarane i landet lagar eit veggmåleri på 1000 kvadratmeter. Det skal inspirera ungdom frå belasta miljø.

Fisken som spør

Teikninga viser ein ungdom som ber ein stor, gapande fisk under armen, og eit barn som går rett bak og ser inn i gapet.

– Denne fisken har på ein måte ein dialog med dette barnet, og spør kvifor det er mikroplast i alle fotballbanar og leikeplassar i Bergen, for eksempel. Me må tenka berekraftig og ta vare på sjøen, seier Cortez.

Prosjektet er eit samarbeid mellom StreetArt Bergen, Bergen kommune og gatekunstnarane AFK, Air, Harem, M.u. M, NIMI, Phat Phunk og RC.

Skur 14 i Bergen blir gatekunstverk

SKUR 14: Vegger og tak på betongbygget skal innan 17. juli vera dekorert med 1000 kvadratmeter gatekunst.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Best i landet

Førstnemnde kunstnar har tidlegare fått mykje merksemd for Listhaug- og Assange-måleria.

– Dette er nokre av dei beste gatekunstnarane me har i landet, om ikkje det er dei beste, seier Øistein Jakobsen.

Han dokumenterer gatekunstmiljøet i Bergen, og kjenner dei fleste kunstnarane i miljøet.

Skur 14 er øvingslokale for fleire titals band. Når alle utvendige vegger og takoverbygg er dekka, blir musikkhuset også eit om lag 1000 kvadratmeter stort kunstverk.

Rodrigo Cortez Holbergskaien

1000 KVADRATMETER: Rodrigo Cortez, med kunstnarnamnet RC, er ein av gatekunstnarane som no har ei veke på seg til å laga Noregs største veggmåleri.

Foto: Øistein Jakobsen

Berekraft

Saman med representantar for Bergen kommune har Jakobsen jobba fram prosjektet.

Veggmåleriet skal bli vist fram under arrangementet The Tall Ships’ Races, som snart er på veg til Bergen.

Det gir Cortez og dei andre dårleg tid. Det kjem til å vera kunstnarar i sving på Skur 14 dag og natt samanhengande fram til 17. juli.

Ingen veit heilt korleis sluttresultatet blir. Men som inspirasjon for motiva har kunstnarane fått eller gitt seg sjølve stikkorda «Sustainability/Oceans (berekraft/hav)».

Holbergskaien Bergen gatekunst

STORT: Vegger og tak skal målast. Totalt blir verket 1000 kvadratmeter.

Foto: Øistein Jakobsen

Inspirerer ungdom

Ruth Donovan i Bergen kommune er ein av initiativtakarane. Ho forklarer at også andre samfunnsproblem er utgangspunktet for sjølve stuntet.

– Det skal vera mogleg for barn som lever i hushaldningar med trøblete økonomi å bli kunstnarar og bli inkludert. Dette stuntet skal signalisera at alle skal vera med, seier Donovan.

Ungdom skal få læra av kunstnarar og få rom til å bli flinke.

– Nokre av desse kunstnarane skal halda kurs på skulane. Målgruppa er born over 10 år, seier Donovan.

Ruth Dalland

ALLE SKAL MED: – Berekraft-stuntet på Skur 14 skal også signalisera for alle unge at dei kan bli kunstnarar, uansett bakgrunn, seier Ruth Donovan i Bergen kommune.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Søk i valresultata

valg-dekorasjon