NRK Meny
Normal

Røde Kors stolar ikkje på naudnettet – bygger ut sitt gamle system

– Det er berre eit tidsspørsmål før vi får sjå alvorlege konsekvensar i krisesituasjonar, seier Røde Kors-leiar, som meiner Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK) må satsa meir på reserveløysingar for naudnettet. – Utan veldig store investeringar kan vi ikkje gjera noko, svarar DNK.

Jahn Petter Berentsen

– VELDIG ALVORLEG: – At så mange stasjonar fell ut, er rett og slett trist. Og det er jo veldig alvorleg. Dette er jo den viktigaste delen av beredskapen vår, seier Jahn Petter Berentsen i Fjell Røde Kors.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Om lag 40 av Noreg sine 2100 basestasjonar for naudnettet har vore ute av drift sidan 22-tida måndag kveld, som følgje av straumbrot under «Urd». Det stadfestar Direktoratet for naudkommunikasjon ovanfor NRK.

– Når det er straumbrot på basestasjonar, kan ein likevel bruka naudnettet lokalt, men det er ei reserveløysing som ikkje er fullgod, sa Morten Ørn, leiar for fellesoperativ eining i Vest politidistrikt, til NRK tidlegare tysdag.

Jahn Petter Berentsen, som har nær 40 års leiarerfaring frå landsrådet til Røde Kors og Hordaland Røde Kors, er svært kritisk til konsekvensane for naudnettet av «Urd», som ikkje var eit spesielt omfattande ekstremvêr.

– At så mange stasjonar fell ut, er rett og slett trist. Og det er jo veldig alvorleg. Dette er jo den viktigaste delen av beredskapen vår, som gjer at vi kan ha kontakt med kvarandre når noko skjer. Kommunikasjon er alfa omega i ein krisesituasjon, og vi veit at ein konsekvens av ekstremvêr er straumbrot. Vi har noko back up, men det er ikkje godt nok, seier han.

Urd trevelt på Storetveitveien

TREVELT: Kraftig vind førte til at tre velta og sperra vegar fleire stader på Vestlandet. Her frå Storetveitveien i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Røde Kors har investert i det gamle systemet

Berentsen er for tida leiar for Fjell Røde Kors utanfor Bergen. Han peikar på at naudnettdekninga er langt lågare enn det som var planen i utgangspunktet.

– Dei har måtta nedgradera prognosane gang på gang, frå 98 prosent og no ned i 70. Og det er mest dekning i sentrale strøk. Det er ikkje der dei fleste redningsaksjonane skjer. På fjell, vidder og i grisgrendte strøk er det syltynt med naudnettdekning, og nokre stader er det ikkje dekning i det heile tatt, seier Berentsen.

Han fortel at Røde Kors faktisk har investert i det gamle kommunikasjonssystemet for å vera sikre på å kunne kommunisera under redningsaksjonar.

– Når naudnettet ikkje fungerer, må ein gå tilbake til gamle system. Vi har tatt konsekvensen av det i Røde Kors, spesielt her i Hordaland, der vi har haldt ved like og bygga opp det eksisterande analoge systemet, altså VHF-systemet, som vi har hatt tidlegare. Vi har ein sendar på kvar einaste fjelltopp, og kan ha kommunikasjon sjølv om alt anna fell ut, seier Berentsen.

– Mykje prestisje i dette prosjektet

Men politiet, brannvesenet og ambulansetenesta har altså ei reserveløysing som ikkje er god nok, ifølgje Morten Ørn i Vest politidistrikt. Berentsen meiner det burde vore investert meir pengar i det.

– Vi bestemte i Hordaland Røde Kors at vi skulle ta desse kostnadane, fordi vi bur i eit fylke med mykje vêr, fjell og dalar. Vi har jo sett litt inn i krystallkula at dette kunne vera konsekvensane av naudnettet. På mange måtar er det eit veldig bra system, men hadde ein brukt berre ein liten promille av budsjettet på å halda ved like back up-systemet som ein veit verkar, hadde vi vore mykje tryggare, seier Berentsen.

Han mistenkjer at ein har hatt for stor tru på det nye systemet under planlegginga.

– Vi synest det er merkeleg at Direktoratet for naudkommunikasjon ikkje har tenkt så langt at dei har brukt litt pengar på back up-systemet. Men det er mykje prestisje i dette prosjektet, og nokon har ønskt å rulla det ut for ein kvar pris, meiner Røde Kors-leiaren.

Han seier det hastar å få på plass ei akseptabel reserveløysing.

– Vi får meir vêr, meir vind, meir nedbør, meir snøskred. Det er berre eit tidsspørsmål før vi vil sjå alvorlege konsekvensar av at ein ikkje får kontakt med dei ein skal ha kontakt med i krisesituasjonar, seier Berentsen.

– Brukte erfaringane frå «Tor»

Ambulansesjefen i Helse Vest, Guttorm Brattebø, stadfester at dei opplevde problem med naudnettet i samband med «Urd».

Dei oppbemanna både på AMK-sentralen og i ambulansepersonell, spesielt på utsette stader som Voss, Hardanger og Austevoll, fortel ambulansesjefen. Fleire legevaktar, mellom anna i Nordhordland og i Austevoll, hadde også ekstra bemanning.

– Vi førebudde oss ganske mykje, og brukte erfaringane frå januar (då ekstremvêret «Tor» herja, journ. anm.). Det er gledeleg å sjå at primærhelsetenesta i kommunane også har «vakna», seier Brattebø.

Også brannvesenet og politiet oppbemanna under «Urd». Men naudetatane fekk altså problem med å kommunisere med kvarandre.

– Men ingen pasientar blei råka som følgje av det, understrekar Brattebø.

Guttorm Brattebø

AMBULANSESJEF: Guttorm Brattebø i Helse Vest.

Foto: Siri Løken / NRK

– Det nye naudnettet er meir arbeidskrevjande

Ambulansesjefen fortel at den nye organiseringa på naudnettet, der naudetatane oppretter såkalla samtalegrupper knytt til ei hending, har skapt litt utfordringar.

– Før var alle på same kanal. No er det litt meir arbeidskrevjande, ved at ein må hoppa fram og tilbake mellom ulike grupper, seier Brattebø.

Men han understrekar at han meiner det nye naudnettet er ei betre løysing enn den ein hadde før.

– Det er langt framskritt på den måten at naudetatane kan kommunisera på eit nett der vi veit at det er berre vi som høyrer kva vi seier. No kan vi snakka om alt på same nett, utan å måtte ringja inn sensitive opplysningar på mobiltelefon, der det ikkje var alltid at ein nådde fram, seier Brattebø.

– Korleis skulle ein sett opp naudnettet slik at ein slepp å hoppa fram og tilbake mellom ulike samtalegrupper?

– Det er berre slik det er sett opp. Det betyr at vi har måtta leggja om rutinane våre, og jobba på ein litt annan måte, seier Brattebø.

Cecilie B. Løken

DNK-LEIAR: Cecilie B. Løken, avdelingsdirektør i Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK) og leiar for avdelinga teknisk forvaltning.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Utan store investeringar, kan vi ikkje gjera noko

– Vi er veldig opptekne av korleis naudnettet blir opplevd av brukarane våre, og er ikkje nøgde med at nokon opplever at det ikkje verkar som det skal, seier Cecilie B. Løken, avdelingsdirektør i Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK) og leiar for avdelinga teknisk forvaltning.

Dei meiner naudnettet totalt sett har klart seg bra under «Urd», fordi det var under to prosent av basestasjonane som fall ut. Men Løken innrømmer at nettet kan vera sårbart spesielt på små stader.

– «Urd» viser at tryggleiksmekanismane fungerer. Utfallet blei relativt avgrensa, sjølv om det sjølvsagt er alvorleg for dei som opplever eit lokalt utfall. Mange stader er det fleire basestasjonar som gir dekning. Men nokre stader, spesielt ute i distrikta, har ein berre ein basestasjon, påpeikar ho.

Løken seier det er meir naudstraum på naudnettet enn på dei andre telenetta. Nokre av basestasjonane har reservestraum på opptil 48 timar, og i haust har åtte prosent av stasjonane fått utvida naudstraumskapasiteten frå åtte til 20 timar.

Skal kapasiteten bli endå betre, er det behov for store beløp, ifølgje DNK.

– Det kan gjerast meir robust, men då må det investerast i meir naudstraum og kanskje meir i telelinjer. Det er sårbarheiter i naudnettet, men dei kan vi ikkje gjera noko med, med mindre ein skal investera veldig mykje meir, seier Løken.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.