Hopp til innhold

Robin Dale Oen blei vekt midt på natta: – Pappa seier at Alexander har svima av i dusjen

ØYGARDEN (NRK): I dag er det sju år sidan hjartet til Alexander Dale Oen svikta. Broren har ikkje orka å snakke om korleis han opplevde dagen, før no.

Robin Dale Oen

HELDT LØFTET: Då verdsmeister Alexander Dale Oen døyr, gjev storebror Robin det løftet at draumane deira skal bli verkelege. No fortel han for første gong om korleis han opplevde tapet.

Foto: Ole-Andrè Lagmanndokk / NRK

I Flagstaff i Arizona er dei beste norske symjarane på treningsleir. Det er 30. april 2012. Alexander Dale Oen (26) er fersk verdsmeister, og favoritt til OL i London neste år.

Men han har ikkje følt seg heilt i form den siste tida. Legene trur han har trent for hardt. Dei finn aldri ut at problemet ligg i genane til Alexander.

Han er i dusjen då hjartet slår for siste gong.

Heime i Øygarden er det natt. Robin Dale Oen søv ved sidan av kona Vibeke, som er høggravid. Han vert vekt av at telefonen ringer.

– Det er pappa. Han seier at Alexander har svima av i dusjen.

Robin kastar på seg kleda og spring opp til foreldra, som bur like ved. Nokre minutt seinare får han beskjeden om at veslebroren har gått vekk.

Alexander Dale Oen og Robin Dale Oen

GJORDE ALT SAMAN: Alexander og Robin Dale Oen fotografert under NM i Oslo 2004.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Fortel for første gong

Robin og Alexander gjorde det meste saman. Dei trente mot verdstoppen i symjing, reiste rundt som idrettsmenn. Dei budde saman mesteparten av livet.

Robin si kone, Vibeke, seier dei to brørne var tettare enn tvillingar.

– At Alexander døydde, var som å miste ein kroppsdel for Robin.

Robin Dale Oen seier han ikkje har orka å snakke med nokon om korleis han opplevde at veslebroren gjekk vekk.

– Det er ei oppleving som er grufull. Ei kjensle av at dette skal ikkje skje. At det ikkje kan skje. Det var heilt forferdeleg.

– Og det er det framleis. Men ein har berre to val: å stoppe opp eller å halde fram.

  • Sjå den nye NRK-dokumentaren «Arven etter Alexander»:
Då verdsmeister Alexander døyr, gjev storebror Robin det løftet at draumane deira skal bli verkelege. På tallause turar og treningssamlingar har dei to brørne planlagt og snakka om kva dei skal få til etter symjekarriera. Han satsar hus og heim, og organisasjonen "The Dale Oen Experience" ser dagens lys. Vi følgjer Robin sin kamp for å oppfylle løftet til broren, og ser at organisasjonen dei to planla tek vegar ingen av dei kunne forestille seg.

SJÅ DOKUMENTAREN: Då verdsmeister Alexander døyr, gir storebror Robin det løftet at draumane deira skal bli verkelege.

Satsa alt

Robin vel å halde fram. På tallause turar og treningssamlingar har dei to brørne planlagt og snakka om kva dei skal få til etter symjekarrieren

– Eg hugsar vi gjekk opp mot foreldra deira sitt hus. Då seier eg til Robin: «Dei planane du og Alexander hadde ... Kanskje dette er tida for å sette dei ut i livet?», fortel Vibeke.

– Hadde ho ikkje sagt det då, hadde det aldri blitt noko av, seier Robin.

To dagar etter dødsfallet, får dei sonen Trygg Alexander. No er både han og deira felles prosjekt «The Dale Oen Experience» nesten sju år gamle.

File photo of Dale Oen in Shanghai

I VERDSTOPPEN: Alexander Dale Oen knyter neven etter å ha sikra VM-gull på 100 meter bryst i Shanghai 2011. Året etter døydde han.

Foto: Christinne Muschi / Reuters

– Handterer sorga

Visjonen til dei to brørne var å ta med barn og ungdom ut i naturen.

Robin og Vibeke Dale Oen meiner dei gjorde dei beste dei kunne ut av ein forferdeleg situasjon. Robin seier han framleis har veslebroren med i prosjektet kvar dag.

– Dette prosjektet vart min måte å handtere sorga på. Det er det framleis.