Hopp til innhold

Robert Plant til Bergenfest

Den kjende vokalisten frå Led Zeppelin blir å sjå på Bergenfest til sommaren.

BRAZIL/ Musician Robert Plant, lead singer of British rock band Led Zeppelin, performs during a tour for his new band "The Sensational Space Shifters" in Brasilia

TIL BERGEN: Robert Plant toppar plakaten til Bergenfest 2014. Her med det nye bandet sitt, som også vert med til Bergen, frå ein konsert i Brasilia.

Foto: UESLEI MARCELINO / Reuters

Robert Plant vert eit av hovudnamna på plakaten til Bergenfest 2014. Torsdag 12. juni returnerer den verdskjende vokalisten til Bergen.

Denne gongen har Plant med seg bandet The Sensational Space Shifters. Saman spelar dei mellom anna nye variantar av klassiske Led Zeppelin-låtar, der det vert henta inspirasjon frå mellom anna afrikansk trance, psykedelia og dansebeats.

Slo an i England

Bandet består av den vestafrikanske musikaren Juldeh Camara, Skin Tyson og Justin Adams på gitar og John Baggot. I rytmeseksjonen kjem det djupe skyv frå bassist Billy Fuller og trommeslagar Dave Smith.

Britane likte det dei fekk servert då bandet spelte i London på seinsommaren. Dei som er store fans av Led Zeppelin kan ifølgje avisene The Independent og The Guardian (som gav konserten 4 av 5 poeng) forvente seg nye versjonar av klassikarar som "Black Dog", "Going to California" og "Whole Lotta Love".

Sjå "Black Dog" i heilt ny drakt:

Bergenfest vert arrangert mellom 11.–15. juni neste sommar. Det er fire scener på Bergenhus festning som vert tatt i bruk. Frå før av er artistane Billy Bragg, The Dillinger Escape Plan, Agnes Obel og Graham Parker & The Rumour booka til festivalen.

Konserten på Bergenfest vert Robert Plant sin einaste opptreden i Noreg sommaren 2014.