Hopp til innhold

Riving av Hjøllobrua i Odda er i gang

Hjøllobrua i Odda fekk seg ein skikkeleg trøkk etter storflaumen i fjor. No er arbeidet med å riva brua komen i gang.

VIDEO: Arbeidet med å riva brua har starta. Her kan du sjå byrjinga av rivinga.

– I dag har me starta med å riva den eksisterande Hjøllobrua som fekk seg ein skikkeleg kilevink i flaumen i fjor haust, seier prosjektleiar Jan Ove Sæd.

Brua over Opoelva fekk store skader under den store oktoberflaumen på Vestlandet i fjor. Arbeidet med ny bru skal starta opp i desember, og i mellomtida skal ei førebels stålbru setjast opp.

– Farleg ved ny flaum

– Brua har lagt på halv åtte gjennom våren og sommaren, men no har me kome så langt ut på hausten at den kan representera ein fare ved store flaumar. Difor må me no i gang med å fjerna den gamle brukonstruksjonen, seier Sæd.

I førre veke skreiv Hardanger folkeblad at regjeringa har innvilga søknaden frå Odda kommune og gir 3,132 millionar kroner til mellombels bru over Opo og ny veg til bustadfeltet på Hjøllo.

– Det vil ta om lag ein månad før ein er ferdig med å riva brua, seier Sæd.

Hjøllo

Første steg er å dela opp betongdekket på brua.

Foto: Tale Huso / NRK

– Kjem ny bru

– Den mellombelse brua har me byrja å sjå på løysingar på og arbeidet med den vil starta om nokon veker håper me.

Det er likevel mogleg å koma seg til Hjøllo.

– Det er omkøyring via smelteverkstomta og via brua over Opo. Der vart det laga til ein relativt bra veg etter flaumen.

– NVE vurderte at brua var i stand nok til å tola vårflaumen og det som kom i sommar. Den har vore brukt som tilkomst til Hjøllo i den tilstanden ho har hatt, men no er den perioden over.

Det vil komma ei splitter ny bru på nyåret.

– Hjøllobrua skal erstattast med ei ny bru etter kvart. Det skal også opp ein del støttemurar i betong på Hjøllo-sida. Dette arbeider startar rundt nyåret, då vil den nye brua vera ein del av dette prosjektet.