Hopp til innhold

No jamnar dei Nattland skole med jorda

– For lærarane som har vore her lenge, er dette ganske vemodig.

Skolebyråd Harald Victor Hove river Nattland skole i Bergen.

Se skulebyråd Harald Victor Hove rive Nattland skole.

Det seier rektor Ole Henry Halleraker, ved Nattland skole i Bergen. Mandag gjekk maskinene laus på skulebygget frå 1964. For det var ingen veg utanom.

– Tankegangen var at bygget skulle bli renovert, men kvaliteten på bygget var så dårleg at det ikkje var forsvarleg, fortel rektor.

Riv det meste

– 90–95 prosent av skulen skal rivast. Så skal vi setje opp eit heilt nytt bygg, fortel direktør Jarle Kvalvik i Etat for utbygging i Bergen kommune.

Det er skulen sitt bygg frå 1964 som no blir jamna med jorda. Bygget frå 1996 blir rehabilitert og bygd om.

I kommunens tilstandsrapport for skulen frå i fjor går det fram at det er sett av 215 millionar kroner til arbeidet, men at det var behov for ytterlegare 125 millionar kroner til oppgraderingar.

Eit nytt oppveksttun med eit samla areal skal stå ferdig til januar 2016. Byggingsarbeidet byrjar til våren.

– Det blir eit oppveksttun med plass til alt frå eittåringar til 10.-klassingar. I tillegg skal vi ha senteret for høyrselshemma, fortel Kvalvik.

9800 kvadratmeter

Det nye oppveksttunet skal ha 620 elevar fordelt på 1.–10. trinn, samt 27 heildagsplassar i ein barnehage og 20 heiltidsplassar på senteret for høyrselshemma.

Nattland Oppveksttun

NYESKULEN: Om vel to år skal denne nye skulen stå klar til innrykk.

Foto: WIBERG AS

I byggeperioden blir elevane plassert i bygg som er sett opp førebels.

– Elevane skal vera forskjellige plassar. Vi har ein førebels skulepaviljong som vi har plassert ved Sædalen skule. Så har ein førebels paviljong ved sida av der den nye oppveksttunet skal stå. Der er det ungdomstrinnet som skal vera, forklarar Kvalvik.