Klokka 12 fortalde Byrådet i Bergen at dei vil kjøpa og riva eigedomane på Hatlestad Terasse.
- Me har diskutert fram og tilbake, men kome fram til at dette er den beste løysinga totalt sett, fortel byrådsleiar Monica Mæland.
Har nekta å flytta tilbake
Ingen av familiane ønskjer å flytta tilbake og har heile tida meint at husa bør rivast.
Og no er det altså klart at kommunen overtek alle dei 16 bustadane, både dei som er direkte råka av raset, og dei som ligg i rekka under.
- Me er veldig letta over at me har fått ei løysing på dette no, seier Ole Hermanrud, som er talsperson for bebuarane.
Vil kosta 54 mill.
Totalt vil løysinga kosta kommunen 54 millionar kroner inkludert rassikring.
Kommunen seier óg at dei vil bygga ny veg til området, og sikra vegen.
20 familiar blei evakuerte etter jordraset 14. september der 2 personar omkom.