Hopp til innhold

– Det var eit guds under at ikkje liv gjekk tapt under aksjonen

Fredrik Kayser frå Bergen var den siste av sabotørane som kom seg ut av fabrikken under tungtvannsaksjonen i 1943.

Den avdøde krigshelten fortel om si rolle under sabotasjeaksjonen mot Norsk Hydro sin fabrikk på Rjukan i Telemark.

VAR SENTRAL: Fredrik Kayser var med heilt inn på tungtvannsrommet på fabrikken ved Rjukan under aksjonen i 1943. – Eg ser framleis eldsøyla etter eksplosjonen, fortel Kayser her frå eit intervju i 1996.

Den utrulege historia om Kompani Linge og deira sabotasjeaksjon mot tungtvannsanlegget på Rjukan i Telemark er igjen aktuell. Fjernsynsdramaet "Kampen om tungtvatnet" hadde premiere på NRK i helga, og over 1,2 millionar nordmenn benka seg framfor fjernsynet for å sjå historia om ein av dei mest kjente sabotasjeaksjonane under andre verdskrig.

Heilt sentralt i aksjonen var krigshelten Fredrik Kayser frå Fana i Bergen. Kayser døde i februar 2009, 90 år gamal. I 1996 fortalde han NRK om si rolle under sabotasjen.

  • Sjå Kayser fortelje om si rolle under tungtvannsaksjonen i videovindauge øvst i saka.

– Under sjølve aksjonen gjekk ingen liv tapt. Det var eit guds under, for det skulle så lite til før vi vart oppdaga, fortalde Kayser i intervjuet.

Var heilt sentral under aksjonen

Vemork kraftstasjon ved Rjukan i Telemark.

Norsk Hydro sin fabrikk på Vemork ved Rjukan.

Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix

Bergensaren var ein del av Kompani Linge som i februar 1943 vart sleppt i fallskjerm over Hardangervidda. Natt til 28. februar tok dei ni mennene seg fram til Norsk Hydro sin fabrikk på Vemork ved Rjukan i Telemark.

Kayser var med leiaren Joachim Rønneberg heile vegen inn til målet for aksjonen; rommet der tungvatnet vart produsert. Oppgåva hans var å dekke for Rønneberg som plasserte sprengladningane.

Då ladningane gjekk av, flukta Kayser saman med resten av kompaniet. Bergensaren var sistemann ut av fabrikken.

Mads Sjøgård Pettersen i Kampen mot tungtvannet

GJORDE RESEARCH: Skodespelar Mads Sjøgård Pettersen spelar Fredrik Kayser i 'Kampen om tungtvatnet'. Han ringde sonen Johan Fredrik før innspelingane byrja.

Foto: Eirik Evjen Photography

Familien følgjer TV-serien

To episodar av det nye fjernsynsdramaet er til no sendt. Det er skodespelar Mads Sjøgård Pettersen som spelar sabotøren Fredrik Kayser. Til no har han ikkje vore mykje på skjermen, men vil venteleg bli meir involvert etter kvart som historia skrid fram.

  • Sjå dei to første episodane her

Heime i Bergen følgjer sonen Johan Fredrik Kayser spent med.

– Den første delen var veldig interessant og eg ser fram til fortsetjinga, seier han til NRK.

Fredrik Kayser

TAUS I 50 ÅR: Fredrik Kayser valde å ikkje fortelje stort om sin innsats under krigen før i 1996.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Snakka med skodespelaren

Han fortel at skodespelar Sjøgård Pettersen før innspelinga tok kontakt for å gjere førebuingar på rolla.

– Det sette eg veldig pris på. Han ønska å få eit bilde av korleis far min var som person. Då fekk eg eit innblikk i kor grundig dei har gått til verks i produksjonen, seier Kayser.

I oppveksten fortalde ikkje faren mykje om kva han hadde vore med på under andre verdskrig.

– Det gjekk mange år før han fortalde noko. Min far var med på mykje under krigen, og risikerte livet fleire gonger.